torsdag 2. oktober 2008

Nytt Vitrineskåp



Idag har vi vore på fabrikkutsal på Sandvik Møblar i Ørsta og der slo vi til med nytt kvitt vitrineskåp som passa perfekt til spisestua som er 57 år gamal
( brylluppsgåve til mamma og pappa i 1951 )
. Spisestua har vore måla to gonger, men har berre ikkje hjarte til å kvitte meg med den, monge gode minner frå svunnen tid:) Endå betre blir det når veggane blir måla lysare. Mormors gamle kaffiserviser kom fram i lyset att! No er skapet fylt opp med glas og andre dilledallerier, og mor i huset er STORFORNØGD!