tirsdag 2. desember 2008

Førjulshelg på Fjørtofta :)

Denne helga har vore fantastisk kjekk og koseleg der ute i havgapet.

Øya viste seg frå ei fantastisk side, og laurdag var eg og fotokameraet ute på tur.

Huset vårt ligg tett ved småbåthamna.......... her har ein utsyn mot Harøya og

ut mot det opne havet.

008

deileg å gå å vandre her....... sjå på båra når ho bryt inn mot land

007 002

eller la blikket vandre ut mot det opne havet ......

003 005

Det er så vakkert her ut:) Som eg brukar å seie;

"BALSAM FOR SJELA"

028 031

Søndag var det tenning av julegrana ved kyrkja der ute. Ei stemningsfull stund....

042 056

På veg frå Fjørtofta dro eg innom ein  fantastisk butikk i eit lite kvitt hus på Vatne.

Bak disken traff eg ei Ørstadame som hadde all verdas garn eg aldri har høyrt om før:)

Vart nokre nøster der....... ho har ei heimeside Trådsnella anbefalar ein tur dit:)

Vidare gjekk turen til Langevåg og Emmas Verden med all tenkeleg stasj i butikken. Butikken var stengt måndagar, men eg ringte og ei kosleleg dame sa: " Er du i Vågen?, eg kjem eg", og eg fekk julegåva eg var ute etter:))

 

Bileta under er henta frå ei samling som fjørtoftingen Eldar Fjørtoft har tatt

på denne vakre øya ute i havgapet.

398

276 107

231

Nyt den kommande veka kjære bloggvenar.

Eg teller dagar til SOLA mi kjem att frå Texas.

Smil i førjulstid frå Lill