mandag 23. august 2010

Dei lette stega .....

fotspor i sand ny 

Dørklinka trykkast forsiktig ned, det knirkar litt i det døra går opp.

Lette steg over loftsgolvet, og eg kan høyre du "smiler" i det du kjem nedover trappa,

og seier eit forsiktig HALLO.  Den gode kjensla breiar seg i kroppen,

og eg veit det blir nok ein fantastisk dag i lag med deg.

Vi nyter den tidlege morgonstunda,

og den gode kjensla over at nok ein dag ligg ubrukt og ny framfor oss.

  Silje s kamera ona tur 045

Du har fått meg opp av sofakroken og ut på trimturar. 

Sætrevegen har vore vår plass om morgonen.

Det er sjølvsagt umogeleg å følge deg på din trening,

men dei lette stega mot grusen fortel meg at snart krysses våre spor på vår daglege trimtur.

Du på veg nedover ,og eg på veg oppover.

Det har blitt ei vane no , og dersom eg stoppar opp og høyrer ekstra godt etter......

er det som dei lette stega kjem over grusvegen,

sjølv om du er fleire tusen kilometer unna.

068 (2)

Vi har kost oss på øya vår i sommar, plukka bær,

tatt båtturar og besøkt bestemor og bestefar.

Vore ein tur til min fødestad, og der fekk eg vist deg litt av det som finnast.

Men det skal bli fleire turar dit, og då skal vi gå i lag på dei stiane eg ein gong gjekk med lette steg.

Det er så mykje eg vil vise deg.

014 026    

Du har valgt å satse fullt og heilt på idretten din,

og samstundes vere fulltidsstudent på universitetet i Dallas.

Du er strukturert og målbevist, og har satt deg både korte- og langsiktige mål på idrettsvegen din,

og med lette steg tek du eit trinn om gongen. 

062

 

Regn og gråver har prega sommaren,

men du har gitt meg og pappa lys og varme og vore SOLA vår både inne og ute.

Dei fleste seier at tida går fort, berre 4 månader til ho kjem heim....... men det er lang tid for meg.

Ein vil så gjerne ha sine så nært som mogleg.

Slik er det ikkje no, men om 1,5 år er du ferdig med Bachelor graden din,

og ein ny kvardag ventar ein eller annan stad her i heimlandet ditt.

Sjølv om du er langt unna, kan eg følge deg......

eg har sett kor fint du har fått det i den nye leiligheta di,

og at du har det bra.

Du bur saman med dine to beste venninner som har same lidenskap som du,

og no er det dei som høyrer dei lette stega over golvet.......

     097 - Kopi

 

 Silje s kamera ona tur 043

7 kommentarer:

Monika sa...

kor fine ord ....
og snart kommer jo Silje tilbake

Smil fra monikka

Tove sa...

Vakkert, Lill!!! Det må ha vore nydeleg å ha henne så nær i sommar! Du får halde fram med trimturane dine og tenkje på henne for kvart steg du tek!

Anonym sa...

Dette var fint! Tenk å ha ei mor som skrive så fine ord om ein:)

Linda sa...

Så fint, vart litt rørt over å lese det

Synnøve. sa...

Det var så fine ord til din datter.
Skjöner at du savner henne mye.

Håper at allt er bra med deg ellers.
Håper du snart kommer igjen med bloggen din.
Klems Synnöve.

Anonym sa...

Ηighly ԁescriptіve articlе, I likeԁ that bit.
Will theге be a part 2?

Μу web page: arjun kanuri

Sorry sa...

I have already been saving for our new book on this subject and your short article has made us all to save money. Your thoughts really responded all our issues. In fact, in excess of what we had known before we stumbled on your excellent blog. My spouse and i no longer have doubts as well as a troubled mind because you clearly attended to the needs in this article. Thanks....Best Cccam Server