Silje kåra til vekas utøvar i C-USA
I går kveld vart Silje kåra til vekas utøvar i noko som kallast for Conference USA. Det vil seie at ho var beste terrengløpar blant 8 universitet i 12 statar i beste divisjon. Det er ei presisjefylt utmerking å få, både for Silje men også for universitetet ho løper for. Det er andre gong Silje får denne utmerkinga i løpet av fire veker. Skulle så gjerne ha vore der..... men no har vi fått endra heimreisa til Silje så ho kjem 5 dagar før. 10. desember kjem jenta mi heim, og då får ho 5 veker i Ørsta før turen går tilbake til Dallas. Gjett om eg gleder meg...... pynte til jul saman og bake:) Skal bli KOS.
Men før det kjem hovudtrenaren for laget til Silje, Dave Wollman, på besøk hit til oss :) Så no er berre å slipe engelsken og la det stå til........ Have a nice day and take care :))