På dei einsame steppene ute i havgapet, der utgangarane og ørna regjerar,
havdønningane møter fjøresteinane og kobben stikker hovudet opp av havet.....
kan livet vere hardt og brutalt for dei fleste.
Noko denne nyfødde villsauen so brutalt fekk erfare......
Ørnas nebb og klør blei for sterke.....
Men for oss andre "utgangarar" som nytter naturreservatet
til avkobling og rekreasjon, er livet eit heilt anna.......
Her kan vi senke skuldrane, og berre nyte livet ute ved fyret, grille pølser og høre havet bruse......
Og skulle det vere behov for "andre" freistingar.....
kan kanskje ein tur på Saloonen, som ligg her ute på dei verharde steppene, vere tingen.....
Mang ein einsam "cowboy" har nok vore gjennom svingdørene her....
for å slukke sorga og finne le for ver og vind ......
Eit slikt mangfald skal ein leite lenge etter.....
Påskesmil frå Lill