torsdag 16. oktober 2008

LIVE IN.....TANTE BRUUN.......GREEN GATE..........SNADDER:)

Idag tidleg etter at husbonden dro på fyrste flyet til Oslo, planla husfrua tur til Ålebyen for snadder-handel:))

Målet var butikken Live In der har dei som sagt det sagnomsuste merket GREEN GATE. Eit heilt rom fyllt til randen av koppar med prikkar, blomer, servietter, mugger i alle fargenyansar og mykje mykje meir:)) Var ute eter det nyaste mønstret som går i brun/grå farge - men det kjem inn i neste veke........ ny tur? Kunne likevel ikkje dy meg og endte opp med kaffe latte krus, koppar, fat og skåler.... Skal mixe i vilden sky no og lar bileta tale for seg

049 054

I morgo kjem kaffien til å smake ekstra godt...................... trur eg

050054

058056

For å seie det rett ut gjekk det ikkje betre på Tante Bruun:) Fekk smake trøfflar for fyrste gong, og det var snadder! Så no blir det kaffi i Green Gate koppane frå Live In og trøfflar og tente lys med dilledallerier frå Tante Bruun.

060

062




066og ei lita flaske

fyllt med velvære:)

........ lalalalalalife is wonderfull .....


onsdag 15. oktober 2008

Silje i Chicago :) 

 IMG_0771norsk flaggSilje som for tida studerar og spring for Southern Methodist University i Dallas, Texas, dro til Dallas etter VM i Japan USA flagghausten 2007. Det vil seie at ho har igjen 21/2 år av studietida der borte. Det er langt unna familie og venar, men ho trivast godt. Reiser mykje med laget sitt og får oppleve store delar av USA:) Sist var Chicago, der ho sprang terrengløp og gjorde ein super innsats for The Mustangs! Uheldigvis IMG_0682fekk ho lyst på en smoothi på flyplassen i Chicago, noe som endte med matforgiftning. Ho vart sengeliggande i monge dagar forrige veke, men er på beina att, og klar for nye utfordringar i terrenget til helga. Då drar heile laget til byen Fayetteville i staten Arkansas for å konkurrere mot andre universitetslag i eit løp som kallast Chilli Pepper Invitational:) .......Og mor går her heime og er veldig spent!!!, rart å ikkje få vere med å sjå, eg har alltid vore der,heilt sidan Silje starta med friidrett.  

 

              

    IMG_0896               IMG_0879                                            

laurdagen gjekk til sightseeing, og nokre bilete har eg fått oversendt på epost:) Bileta er henta frå Millenium Park. Det store "sølvegget" gir dobbeltsidige bilete....

Fantastisk animasjnog vist på ein vegg av mustein. AWSOME:)

IMG_0857

Notre Dame 054

Notre Dame 047

Bilutstilling vart det også tid til, og ikkje veit eg om dette er modellane for

meg..... men her kan du berre sette deg inn og nyte naturen medan bilen tek deg til dit du vil. Berre å plotte inn på kartet....

Ha ein fortreffeleg dag:) Lurer på å ta ein bytur og kikke in til butikken LIVE IN... Green Gate i hyllene der ;))