torsdag 1. januar 2009

Ørsta i romjula og Nyttår på Fjørtofta......

Vi har hatt nokre flotte dagar på øya vår og feira det nye året saman med Silje sine besteforeldre og søskenborna Malin, Hanna og Celine pluss onel Ivar og tante Stine :0))

Silje blir aldri for stor til å ha det gøy med dei minste søskenborna sine... så mykje abligøyar vart det utover kvelden.

Picnik collage

 

Romjula i heimen var stille og roleg, slik romjula skal vere :0)

Er så heldige at to av brødrene til husbonden buande i nærleiken, og då er det duka for det tradisjonelle juleselskapet 2. juledag.

Det går på omgong, og i år var det gjengen i Remerydet sin tur. Nydeleg mat og gode dessertar og kaker, og praten og leiken gjekk livleg for seg :0)

Picnik collage juleselskap

Nyttårsklem frå Lill

onsdag 31. desember 2008

Kjære gode Blogglandiavenar :0)

Om nokre få timar går vi inn i eit nytt år. Eg har vore innbyggar i vår "lill" verden i 4 månader, og stortrivast her inne :0)

Tusen takk for koselege helsingar i året som har gått, dei har varma :0) Mange nye venar har eg kunna lagt til lista mi og det er ei sann glede. 

Så kjære gode venar......

GODT NYTT ÅR

til dokke alle og einkvar. Eg set stor pris på dokke.

101-0105_IMG

Stor klem frå Lill