mandag 19. januar 2009

Ein stor takk til Brit med bloggen Lille Meg :0)

image

Tusen tusen takk Brit for den nydelege utmerkinga du valgte å dele med meg. Blir alltid veldig glad for å få slike eg:0)

Har lyst til å dele den med to unge tauser ute i bya :)

Anette og Linn

Smil frå meg

søndag 18. januar 2009

Fire x Fem

Fire x Fem = 20

 

Fått denne artige utfordringa av Tove i Tankar frå ein kvardag, og tek den sjølvsagt eg veit du......

 

4 Favorittprogram på TV:

image

Bilete er henta frå : www.kingdomi.com

  • 70`show
  • Criminal Minds
  • Mord og mysterier
  • Der ingen skulle tru.....

4 Ting eg gjorde i går:

061

  • Drakk altfor mykje kaffi.....
  • Sto i kø på Apoteket...... har endå ikkje funne ut kva tid det er lite folk der
  • Var på Dimna der husbonden var på dugnad hos broren som bygger nytt hus,   eg derimot.....vel eg  heldt husfrua med selskap.
  • Hadde ein lang og god prat med Solstråla mi på Skype før eg kraup opp i kassa:0))

4 ting eg ser fram til:

110

  • at januar, februar, mars og april var over..... for i MAI drar eg til Dallas!!!!!!
  • at stova blir ferdig oppussa
  • at eg drar til øya vår og blir der ei veke for meg sjølv med pusen og strikkepinnane
  • at eg skal finne ein jobb eg vil trivast med

 

4 Favorittrestaurantar:

002

Her slit eg veit dokke........ Restaurant..... kva er det ....og KVAR er dei???  Må berre innrømme at på slike steder frekventerar eg SVÆRT sjeldan eller skal vi seie aldri. Blir berre ikkje. Men eg likar å lage god mat heime, og dekke fint på og gjerne ha gode venar  på besøk. Men var på ein fantastisk restaurant i Dallas ifjor, Cheese Cake Factory, sjølvsagt laga dei ostekaker der. men middagen var berre  ein DRAUM for auge og gane, og måtte berre be om Doggy-bag, for makan til porsjon har ikkje eg sett.

 image Bilete er henta frå: http://www.thecheesecakefactory.com/

4 ting på ønskelista mi:

014 (2)

  • 1. klasse billett til USA.... alfor dyrt men veit dokke kor trangt det er for beina? og der sitter du 14 timar.........
  • Vinterhage ferdig møblert
  • Hund :) Ein Maltepoo ... brun med blå auge
  • Digitalt speilrefleks kamera... Cannon

Nysgjerrig som eg er vil eg gjerne vite korleis ståda er på Haramsøya......SÅ Dokke tre S'ane der ute:

Siv, Solveig og Stine

Tek dokke utfordringa :0))