mandag 26. januar 2009

Dilla :0))

Dilla på Thermis.......

Eg må berre innrømme det....... eg har fått DILLA PÅ THERMIS.

Var Anne Grethe i The world of Sandnes som prata om Thermis sist onsdag på kortkvelden vår...... og nyfiken som eg er måtte eg vite kva dette var: 0) Resultatet var sjølvsagt at eg kjøpte mønster på nettet og tråd på Stoffsenteret.........

Det er berre så kjekt å prøve nye ting.... og sidan eg er eit PINNEDYR...... det er det Nunne i bloggen hennes nunne seier vi er vi som er hekta på strikkepinner og tråd :0)) Gøy er det hvertfall...............

Picnik collage24

Smil frå PINNEDYRET

fredag 23. januar 2009

THERMIS

Då er min fyrste Thermis klar til bruk.....

Offwhite - Sandnes Alpakka med pinne nr. 4......

008 009

 

002 007

 

Eg valgte å vir dei rette maskane i vrangborden nede...... ikkje så lurt - blir finare, men strammare.

Vrangborden oppe strikkast fram og tilbake og der vrei eg ikkje, men den blei for laus synes eg, her trur eg det kan vere lurt å bruke tynnare pinnar 3 - 3,5, då vil den bli litt fastare.

Garnet er mjukt og "laust" i utgongspunktet, så eg trur det blir betre med eit "fastare garn. Skal prøve meg på ein til...... dene gongen brun i Garntypa PT 5 som har 80% ull og 20% nylon....

God fredag til alle som er innom