Solstråla mi på tur til Seattle.
Idag drar Silje frå Dallas til Seattle, ein flytur på 4 timar vestover. Avstandane er store ( berre staten Texa er dobbelt så stor i areal som Tyskland ) og tidsforskjellen heim endå større. Seattle ligg 9 timar bak oss !!
Men ho vil få ein fantastisk SKYWATCH dersom veret er klart. Silje har aldri vore her før, så eg er viss på at det blir ei stor oppleving :0)
Ein del av byen Seattle er som eit "lite Noreg", med norske butikkar, restaurantar og ting og tang elles. Det er meininga dei skal ha seg ein tur dit, sidan dei har laurdagen fri. Tenkjer Sola mi kjem heim med brunost kjenner eg ho rett :0)) Dei har eigen nettstad : http://inballard.com/, ta deg ein tur inn og sjå :0)
Men det er sjølvsagt ingen ferietur.........
Silje skal delta på 5000m i eit stort innandørsstemne i Seattle. Det blir eit hardt felt, med fleire av dei beste univeristetsløparane i USA. Løpet går 19.00 fredag, Seattle tid, noko som vil seie 04.00 laurdag morgon her heime.
Då kryssar eg fingre og tær pluss armar og bein :0)
Det er viktig å ha tru på det ein gjer og ha mål og draumar ....... som Elanor Roosevelt ein gong sa:
"The future belongs to those who believe in the beauty of their dreams"
http://www.simpletruths.tv/movies.php?movie=DRMS ta deg 3 minutt og nyt denne........
Maureen Weiner, diktar frå Australia seier:
DREAMS are whispers from the soul.
We have a dream inside ourselves,
A gift to us at birth,
To guide us and protect us
On our journey on this earth.
We all have something special,
Each one of us unique
You have to find the courage
To find the peace you seek.
So dream your dream and live your dream
Don't be afraid to try.
just take your soul by the hand
And let your spirit fly.
Er så uendeleg stolt av deg jenta mi.
Smil frå mamsebamsen
7 kommentarer:
Så flotte bilder! Fine vers også!
Datra di er tøff, som skal være med på løp i Seattle.Håper det går fint!
Skjønner godt at du er stolt av henne!
Ha en flott dag!
Heia Lill!
ÅiÅi...sei for ein tur Silje får da,wow!! Oss heiar på Silje alle sammen,heile Norge!! Hels ho tuppå so mykje frå meg når du snakka med ho!
Å so håper eg at ho får ein smakebit av potetball,pannekaker,vaffler og kansje kakao....uansett så blir det kjekt for Silje å få møte nordmenn der borte!
Ha ein fin aften Lill!
Klem frå,
Randi
No var eg misunnelig - fekk nesten "heimlengsel" til Seattle siden eg budde der i ett år. En fantastisk flott by. Lykke til Silje på løpet! Gler oss til å høyre korleis det går.
Du må for all del ikkje gløyme å krysse strikkepinnane, hi, hi!!!! Kan love deg det går både i kryss og tvers med dei her i garden, men Thermisen veks stadig - tru det eller ei!!!!! Heia Silje!!!!!
Flotte bilder og nydelege ord i fylgjet...
Lykke til til Sile, skal krysse fingre og tær her og...
HAr ei utfordring og ei utmerking til deg!!
Fredagklem
lykke til i natt . Du får ei spennende natt
håper tausa vinner ;)
Mange flotte bilder og fine tekst du har
klemmer fra monika
ps- kor har du laga banneren din ?
Eg og har lyst på
( hermegåsa - meg :)
Hei lill. Så nydelige bilder, og for en spennende reise din datter har da. Henne skal du være stolt av ja.
Takk for hyggelige ord om teppe mitt=)
Klem Kerstin
Legg inn en kommentar