Fyrst av alt... TUSEN TAKK til alle dokke som la att koslege og støttande helsingar på forrige innlegg.
Set veldig stor pris på det..... så her er ein bukett blåveis til kvar og ein av dokke:0))
Det er forresten min favorittblomst..... men ikkje lett å finne her på desse kantar.
Forrige helg var eg ein snartur til Molde, rosenes by......
og der, midt i hovudgata, kom eg over ein strikkekafè............
Midt i blinken for meg.
Her sat strikkeglade damer OG menn side og side med kaffikoppen og kakestykke.
Utveksla mønstre og erfaringar, og strikka nokre maskar inimellom kaffisupane.
Heilt tilfeldig at eg gjekk innom her, skulle berre ha meg eit målband.....
men enda på eit bord fullt av hyggelege menneske som gladleg serverte meg både kaffi og kake og lurte på kvar eg kom frå....
Det skal seiast at det ikkje var berre målband som låg i nettet når eg gjekk 1 time seinare:0))
Men når det var 30% på alt garn til dei som var på strikkekafè.......
då berre slår du til......
Så her er mykje godt arbeid :0))
Og medan lyset brenn i lykta.....og husbonden dro på trivselsserien i Bowling,
Har eg starta på VM lua til Line i NRK.
Lilla... Hmmmm, kanskje ikkje min farge men.......
Mønster har eg funne inne hos Lille Rosin
Ha ein super kveld der ute
Snart Criminal Minds her i huset.....
4 kommentarer:
Åh, den lua e kjempefin!! Og lilla e no en super farge det! Ditta bli bra, Lill:)
Bli spennande å sjå ka du kan trylle fram av alt ditta flotte garnet der :-) Kanskje du skulle starta opp strikkekafè i Ørsta? Med litt kursing i ny og ne, og diverse temakvelda av og til. Sikker på at du ha fått te det!
Heia
eg strikka og
orange og blått - men det er veldig hemmelig til ei som snart blir 16 og heia på Aafk
men eg er redd tida flug fortere enn eg stikka
klemma fra monika
ps - fine hue
halskrage og sokkene er flittig i bruk - gode og varme
og veit du - det finner ein flotte butikk uti bya med masse tråd også, eg har vert der mange ganger og finner stadig noe fint
Nydelig blomsterbilde og så koselige bilder av innkjøpt garn. Så kjekk historie da. Høres ut som du hadde en koselig tur.
Du er så flink!!!
Ha en god natt:)
klem fra meg
Legg inn en kommentar