Eg hugsar ikkje farfar så veldig godt, han gjekk bort når eg var lita jente....
Men det er to ting som har brent seg inn på netthinna mi
Fela og Lommeuret.............
To ting som er noko av det mest dyrebare eg eig frå borndomen min.
Farfars lommeur og fela......
Hugsa han spela til meg når eg var lita.....
var så spennande når han leita fram felekassa......
opna lokket og stemte fela før han drog bogen over strengane..........
Han var ein god musikar,
og i sine yngre dagar spela han saman med eit syskjenborn opp til dans,
eller berre reiste rundt og underheldt .
Sist fela var i bruk var i 1966
..................lenge sida....................
Då feira pappa 50 års dag og han tok fram fela og stemte i veg på Fanitullen..........
Om det var musikkstykkje eller noko anna som gjorde det................i
ikkje veit eg
men to strengar og bogen rauk...................
og slik har den vore sida..............
trygt forvart i den svarte, slitte felekassa som ber preg av tidas tann............ med avrevne hestetagl på bogen.......
Tikk takk, tikk takk..............
Var så spennande å krype opp på farfar sitt fang og høyre .........
Klokka er inntakt, og går som ei klokke skal.............
Det kjekkaste var når eg fekk halde klokka sjølv og farfar hadde opna lokket...........
den var så fin og skein der ho låg i ei lita barnehand.....
Gode minner som eg verdset høgt.
Smil frå Lill
9 kommentarer:
Heia Lill!!
Jau takk,no har mine to første arb dagar over:-)Å det har gått super super bra,gledar meg til å fortsette!!Å idag har eg vore åleine og:-))gjekk kjempe bra det og du:-))
Men du..smeise for ri nydleg fele,å den kjempe fine klokka..hoi så kjekt å få arve noko så fint da!!Ja eg reknar med eg ser deg her ute om ei stund!!
Ha ein fin kveld,kos deg!Hels mannen!Klem!
Gode minner dette. Begge mine bestefedre hadde lommeur.Jeg husker ikke min morfar, han døde da jeg var 2 år, men farfar bodde hos oss,og han ble gammel,så han husker jeg godt.
Ha en fin kveld!
Heisann!
Berre snartur innom for å sei HEI ;o) Du e super duper! Koooooz deg! klem
For noen vakre minner og vakre skatter du har fra din farfar:)
Ha en fin torsdag,
klæm fra Kate:)
Tusen takk Lill:-)
Vi er nok stolte begge to no og kvar ein augneblink skal takast vare på. Den største skatten var det nok vi som fekk, og kanskje har vi eitt eller anna som kan gå i arv til våre:-)
Nydelig fele. Det gjer noko med ein når ein ser desse gamle skattane som er litt slitne etter mykje bruk.
nydelige ting du viser. Sikkert gode minner.God helg.
Herlege skattar etter Farfar,
Lill:0)
Mitt eldste tantebarn fekk lommeur i konfirmasjonsgåve.
Der stod det: Anders, 11.09.1905 - 1990!!
Han er som du sikkert forstår oppkalt etter Oldefaren som var fødd på same dato. Uret hadde vore Anders anno 1905 sitt...Ei spesiell gåve som Anders anno 1990 sette veldig stor pris på.
Har ei utfordring til deg om du orkar/har lyst!!
Klem
Det var fine minner og fine ting, Lill. Har ei lita utfordring til deg om du vil ha den ;-)
Hei!
Er der nokon i blogglandia som kan tipse meg om koslege interiørbutikkar i sentrum av Oslo?
Kjempeglad for tips:-)
Legg inn en kommentar