Tenkte eg skulle dele ei god oppskrift med dokke :0))
Den har ikkje berre blitt ein favoritt her i heimen,
men også blant Siljes venninner og trenarar i USA.
TACOPAI
Paideig
4 dl. Kveitemjøl
½ ts salt
2 ts bakepulver
50 g smør
ca 1,2 dl melk
Bland mjøl, salt og bakepulver.
Smuldre smøret godt i mjølblandinga og ha i mjølka.
Klapp paideigen ut i ei paiform og "prikle" med ein gaffel.
Forsteik i 5 min på ca. 200-225 grader midt i omnen.
Fyll 1
500 g kjøttdeig
1-2 løk ( dersom du ynskjer )
1 pose taco krydder
Steik kjøttdeig og tilset Tacos kryddermix og vatn
(følg oppskrift på kryddermixpakka)
Ha blandinga i den forsteikte paien.
Fyll 2
4 hakka tomatar
1 gul + 1 raud paprika
4 ss majones
2 dl creme fraiche
Kvit peppar
LITT Cayennepeppar
2 dl revet ost på toppen
Bland majones, Creme Fraiche, pepar og cayennepepar.
Del opp tomatar og paprika og rør det inn i blandinga.
Legg dette over kjøttdeigen med ost på toppen.
Steikast midt i omnen på 200-225 grader i 15 - 20 min.
Server ein god salat til.
Håper det smakar :0))
3 kommentarer:
Mmmmm, godt:) Tru faktisk ej he laga slik en gong! Her va det big one pizza til middag... Det e no alldeles ikkje godt..
Kan skrive under på at dinna er god ja. Trur eg må lage den igjen snart. Godt å kose seg med tacopai inne når det er sånt ett ruske-vær ute!
Hmmmm.... trur eg kommer på middag eg ;-)
dette ser jo berre veldig godt - hadde vert artig å prøve noe slik ein gang
klemma
Legg inn en kommentar