mandag 12. januar 2009

 

Tusen tusen takk Tove :0))

NOBELPRIS til meg frå Tove i Tankar frå ein kvardag, og den varmar kan du tru:o)

Takk for at du tenkjer på meg, eg treng det.... tek ei ri før det blir ein normal kvardag igjen her.

Her er kva Tove skriv:

* Lill - ho treng ei ekstra oppmuntring no, fordi ho nettopp har sendt dottera si tilbake til studiane i USA.

Det er ikkje rart at mammahjartet saknar solstrålen sin...

image

Denne skal eg sende vidare når eg får samla meg.....

 

Tusen tusen takk Line :0))

Denne nydelege utmerkinga låg å venta på meg inne hos  Line i Kvardagsliv i Storemyra.

Her kan du lese kva ho skriv:

Den ynskjer eg å dele med:
Lill ~Silje the mustang
Ei fattig trøyst i dag som Silje reiser tilbake til USA, men kanskje det kan varme litt opp dagen likevel??

image

Den varma Line, det skal du vilte.

Tusen hjarteleg takk. Eg behelde den ei lita ri ....... før eg sender den vidare:o)

Klem frå ei som prøver å smile.

torsdag 8. januar 2009

SCRAPBOOKING

Prosjekt scrapbooking....

Regi: Silje Fjørtoft 

Det som ein gong såg ut som ei spisestue....... er no forvandla til eit bord fyllt av sløyfer, papir, lim, stempler, blomer, utgåtte tapetbøker og alskens dilledallerier. Silje lagar Scrapbooking-Album til to venninner på Southern Methodist University, og det krevar sin plass :0)...... men flott blir det. Desse to jentene har blitt Silje sine beste venninner i Dallas, Texas, og begge er ferdig på universitetet til våren, så dette blir eit MEMORY ALBUM frå dei 1 1/2 åra Silje, Jessa og Sierra har hatt saman.Blir nok ein trist og tung dag når dei reiser i juni...... men minnane og vennskapa er der for alltid:0))

 

 023  013  011

 001  016  012

   013  010  015

  016  018  017

  019  035  020

033  036  037

041  040

 

 Dette var eit lite utdrag frå Albumet. Eg lar bileta tale for seg:0))

Ha ein koseleg og kreativ søndag.

Smil frå Lill