onsdag 1. oktober 2008

Silje får besøk i Dallas, Texas





Idag reiser Silje sin trenar, Magne, til Oslo og vidare til Dallas for å vere saman med Silje over ei veke. Det blir kjekt å få besøk og han har vore der to gongar før:) Universitetsområdet på SMU er heilt fantastisk. Store parkar og grøntanlegg og alle hus er bygd i mustein med store kvite søyler utanfor. Området er stort, det går 11000 studentar på SMU, og skal du gå tvers over området brukar du minst 30 minuttar. Her finn du butikkar, kafèar, lege, politi, postkontor og alt som ein treng i det daglege. Laget Silje spring på, The Mustangs, har eigen massør, fysioterapeut og lege til disposisjon. Så alt ligg tilrette på best mogleg måte:) Trenar Cathy Casey hjelper Silje og dei andre jentene på treningane, og alt ligg godt tilrette.