onsdag 22. april 2009

Ny universitetsrekord og Billettane er bestilt Ørsta - New York - Dallas... :0)

image

Silje har vore i Walnut California og sprunge 5000m :0)

Og då gjekk det unna.......

Ho sette ny personleg rekord med over 24 sekund og ny universitetsrekord.

Tida var 15.55. og fyrste gong under 16 minutt :0)

Då er ho kvalifisert til   EM   U23   på to distansar ( 3000m hinder og 5000m)

Er så stolt av deg snuppen :0))

Og very soon.........

Dallas here we come!!!!

 

image

I Dallas bur det meir enn 6 millionar menneske, og byen har over 160 museum og gallerier.

Dallas har fler restaurantar pr. innbyggar enn New York,

og har fleire shoppingsenter enn nokon annan by i USA.

image

Og så har dei Southern Methodist University !

Grunnlagt i 1911 av United Methodist Church.

Universitetet er privat og har ca. 11 000 studentar ,

og har eit område på 295 acres ( 1 acre = 4047m²)  å boltre seg på :0)

Alle universitet i USA har eit motto, og på SMU er det:

"Veritas Liberabit Vos " som oversatt til engelsk blir "The Truth Shall Set You Free"

Southern Meyhodist University har eit kallenamne: THE    HILLTOP.

I 2008 fekk SMU 1.3 billioner dollar i donasjonar!

 

image

SMU’s offesielle maskot har fått namnet Peruna, og er ein svart hingst av rasen Shetlandsponni.

På kvar heimekamp i Amerkansk fotball kommer Peruna, og når det scores "homerun",

springer ponnien over fotballbanen.

018 (2)

Og det er her Solstråla mi bur, spring og studerar.

Men snart........veldig snart....

kjem vi på   BESØK!

Øyre til øyre smil frå Lill 

TÆRT AV TIDAS TANN.....

050 052

For 20 år sidan bygde Ragnar leikarhytte til Solstråla mi :0)

Og den var i flittig bruk i monge år.......

og kvar vår hadde Silje storreingjering :0)

061 055

Skiltet på døra som ein gong var leseleg har blitt tært av tidas tann.....

som resten av det lille huset.

Laurdag blei D-dagen......

057 056

Inne i bordkledinga dukka det opp eit fuglereir......

og det må ha vore der lenge.....

det var berre skala att av egga.

 

053 062

Den lilla kanina i hjartekurven har fått seg ein tur i vaskemaskina....

og bilete har blitt vaska og pussa :0)

Gode minner frå ei svunnen tid.

Smil frå Lill