søndag 18. januar 2009

Fire x Fem

Fire x Fem = 20

 

Fått denne artige utfordringa av Tove i Tankar frå ein kvardag, og tek den sjølvsagt eg veit du......

 

4 Favorittprogram på TV:

image

Bilete er henta frå : www.kingdomi.com

  • 70`show
  • Criminal Minds
  • Mord og mysterier
  • Der ingen skulle tru.....

4 Ting eg gjorde i går:

061

  • Drakk altfor mykje kaffi.....
  • Sto i kø på Apoteket...... har endå ikkje funne ut kva tid det er lite folk der
  • Var på Dimna der husbonden var på dugnad hos broren som bygger nytt hus,   eg derimot.....vel eg  heldt husfrua med selskap.
  • Hadde ein lang og god prat med Solstråla mi på Skype før eg kraup opp i kassa:0))

4 ting eg ser fram til:

110

  • at januar, februar, mars og april var over..... for i MAI drar eg til Dallas!!!!!!
  • at stova blir ferdig oppussa
  • at eg drar til øya vår og blir der ei veke for meg sjølv med pusen og strikkepinnane
  • at eg skal finne ein jobb eg vil trivast med

 

4 Favorittrestaurantar:

002

Her slit eg veit dokke........ Restaurant..... kva er det ....og KVAR er dei???  Må berre innrømme at på slike steder frekventerar eg SVÆRT sjeldan eller skal vi seie aldri. Blir berre ikkje. Men eg likar å lage god mat heime, og dekke fint på og gjerne ha gode venar  på besøk. Men var på ein fantastisk restaurant i Dallas ifjor, Cheese Cake Factory, sjølvsagt laga dei ostekaker der. men middagen var berre  ein DRAUM for auge og gane, og måtte berre be om Doggy-bag, for makan til porsjon har ikkje eg sett.

 image Bilete er henta frå: http://www.thecheesecakefactory.com/

4 ting på ønskelista mi:

014 (2)

  • 1. klasse billett til USA.... alfor dyrt men veit dokke kor trangt det er for beina? og der sitter du 14 timar.........
  • Vinterhage ferdig møblert
  • Hund :) Ein Maltepoo ... brun med blå auge
  • Digitalt speilrefleks kamera... Cannon

Nysgjerrig som eg er vil eg gjerne vite korleis ståda er på Haramsøya......SÅ Dokke tre S'ane der ute:

Siv, Solveig og Stine

Tek dokke utfordringa :0))

Ein gong eit staseleg hus.....

For nøyaktig 5 veker sidan var det brune staselege huset ferdig bygd, med takstein og vindauge med   ornament, og sølvkuler som pynt. Ut av pipa stakk raude og kvite sukkerstenger... flyborne frå "Uniten".  Byggemsterialet var kveitemjøl, smør, fløte, pepar, sirup.... ja.. dokke veit det ein vanlegvis nyttar i slike særegne hus, med vidauge av knuste kamferdrops.... gule og fine.......

men det kan ikkje vare evig veit du... kan aldri vare evig........

068

 

065

Nemda for byggjesaker i Leitelega 10  fann sviktande tak-konstruksjonar,

 og sidan levetida for slike ærverdige bygg er særs kort.........

og med fare for at sikkerheita ikkje var god nok,  måtte huset rivast.

 008

For å  innhenta fagfolk til oppgåva......tok vi kontakt med

Håkon, Sondre, Emilie og Øyvind.

Dette er folk med stor ekspertise på området :0)

"Byggerinna" sjølv var svært betenkt.........men

 

014 012 015 011

oppgåva vart løyst etter beste evne og alle forskriftener vart fulgt til punkt og prikke.......:0)

Ha ein sukkerfri Søndag