onsdag 11. mars 2009

Raudt kort for sleivspark og stygge taklingar.......

1211740524000_200px-Red_card_svg_1922000298x510r

Her i bygda har vi eit Amfi kjøpesenter....

Det hendar eg frekventerar der....altså på AMFI....

anten for å handle mat, kikke i butikkar eller berre rusle når dagane blir for lange.....

Ein dag i forrige veke var ein av dei dagane......

etter ein etterlengta kaffe og gulrotkake på FUGL FØNIKS,

image image

gjekk turen til senteret......

Helste på fleire på min veg til bokhandelen......

og der oppe, medan eg sat i ein stol og bladde i ei bok bak ein reol. høyrer eg nokre ørstafruer jabre seg i mellom......

"Du.... var ikkje det mora til ho som spring og driv friidrett?"

"Jaudå..... og so er ho ei av desse bloggdamene i bygda..."

Lurte litt på om eg skulle reise meg og sjå kven som prata......

men valgte å sitte i le bakom reolen.........

og jabringa forsatte....

" He vore inne på desse bloggane deira...... skjøna ikkje at dei har tid......

og gidder......

berre vas det som står der"

Det var eit samstemt hylekor .....

Røystene stilna......

og eg kjente at eg vart ganske opptrekt der eg sat.....

Hadde lyst til å seie nokre velvalgte ord til dei kritiske røystne.

Reiste meg......

men borte var dei..... og kanskje det var til det beste.......

Meg hadde dei tydelegvis ikkje sett.........

og ikkje eg dei heller........

forfra......

men tre rygger gjekk bortetter korridoren........

image

Men.... eg veit dokke er her inne og les det vi skriv........

Nysgjerrige kanskje..........

Huff då.....ikkje bra,

men inn på bloggane våre skal dokke,

for å sjå....

endå dokke høgt og tydeleg kan fortelle at det berre er VAS......

så flott......

då har du noko å prate om neste gong du treffer dine medsamansvorne......

Då kan dokke diskutere, sladre og seie kva dokke vil.......

Men hugs å sjå dokke bak ryggen.......du veit aldri ......

image

Så derfor kjære kritiske røyster......

Velkomen til Blogglandia

Her kan du lese om alt det du kalla berre VAS....

og lure og fundere på kvifor vi gidder...

og korleis vi får tida til å strekkje til.......

Så neste gong eg kjøper meg ein ny nasehårfjernar....

er kanskje DU den fyrste som får vite det......

kult.... ikkje sant?

Og medan du er her inne.......

kan du ta med deg det RAUDE KORTET......

Det får du for sleivspark og stygge taklingar.

Pappa lærte meg eit vers som dokke "Frustrerte" Ørstafruer skal få med på kjøpet:

Tro ikke alt hva du hører,

Si ikke alt hva du vet.

Så sparer du mange bører,

på sinn og samvittighet.


Noko å tenkje på det ......

Bileta er henta frå

http://www.piaolsen.com/www/illus_en.html

Kryssande regnboger

002

Idag var eit forunderleg skue over fjorden....

To regnboger som kryssa kvarandre...

Aldri sett det før... berre doble.

Her må sola ha reflektert sjøen på den eine og noko anna på den kryssande....

Merkeleg...