onsdag 31. desember 2008

Kjære gode Blogglandiavenar :0)

Om nokre få timar går vi inn i eit nytt år. Eg har vore innbyggar i vår "lill" verden i 4 månader, og stortrivast her inne :0)

Tusen takk for koselege helsingar i året som har gått, dei har varma :0) Mange nye venar har eg kunna lagt til lista mi og det er ei sann glede. 

Så kjære gode venar......

GODT NYTT ÅR

til dokke alle og einkvar. Eg set stor pris på dokke.

101-0105_IMG

Stor klem frå Lill

mandag 29. desember 2008

Ei stjerne skinner.......

015

Vi har hatt ei fantastisk JULEFEIRING saman med solstråla vår. Ord kan ikkje beskrive kor godt det er å ha ho heime ei stund...... Ho har lyst opp heimen som ei stor funklande stjerne......... men dagane berre fyk so altfor fort, og 13. januar sit ho på flyet tilbake til Dallas. Det vil bli eit stort sakn og returen tilbake til Ørsta er ikkje før 15. juni. Fem og ein halv månad utan smil og latter i veggane frå ei hjartegod og herleg datter blir tungt å halde ut. No berre nyt vi dagane saman, og i kveld går ferden til Øya vår, Fjørtofta, der vi skal feire Nyttår saman med besteforeldra til Silje, ........men før det står ei treningssamling på Dimna for tur :o)

059

 

Smil i romjula frå Lill

onsdag 24. desember 2008

Fredfull Jul i hus og heim.

julekrybbe_2006

mandag 22. desember 2008

Årets Pepperkakehus ......

Kvart år har Silje pepperkakehusprosjekt her i heimen. Ho konstruerer, teiknar og måler lengder og bredder og for kvart år veks prosjektet i storleik. Her er nokre bilete frå årets hending....... og arbeidet gjekk supert sidan borneborne spela gitar medan ho monterte og dekorerte :0))

pepper

 

... kamferdrops i vindauga, sølvperler som pynt og brune sukkerbitar som takstein på utbygget.....

069

 

 

Picnik collage pepper

 

Veit ikkje om vi har hjarte til å knuse dette etter jula.....

Smil i førjulstida frå Silje og Lill

 

 

søndag 21. desember 2008

 

Hjarteleg tusen takk kjære Astrid i Frå

eitt A4-liv og Gerd i Steinbokkjen :0))

 

 

Bloggy-Goodness-Award2_thumb[4]

Tusen tusen takk Astrid for nydeleg utmerking. Eg setter veldig stor pris på deg:)) Det er alltid så koseleg å lese innlegga dine,  det du skriv er reine måleri og :o)

 

utmerkingkommentar line

Gerd i Steinbokkjen, eg er så glad eg har fått deg som ven her i Blogglandia. Tusen takk for nydeleg utmerking.

Desse to fantastiske utmerkingane ynskjer eg å dele med ALLE som stikker innom meg:o) Ikkje ver sjenert.... ta dei med dokke og nyt dei.

Smil og klem frå meg

lørdag 20. desember 2008

Livet er berre herleg dere.......

Vore lite blogging på meg i det siste, men kjem sterkare tilbake. Går i eitt her om dagen:))

Silje er vel heime på juleferie og vi berre STORKOSA OSS :)) Baka brød, rundstykker, småkaker, nøttebunner og har att å sette opp Silje`s eigenkonponerte pepperkakehus :))

Elles er nå huset fullt!!!

Sonen med sambuar og hundene Lucky var på plass torsdag, og IDAG kom det siste ynskje mitt....... Lille Andrè - mitt kjære borneborn på ni år. Saman med han var også gitaren, og vi har hatt underholdning......  Då er vi 6 menneskeborn og ein hund pluss ein katt...... Livat er det :))

så då kan JULA berre kome :0))

jul

Har fått nokre utmerkingar og dei kjem eg tilbake til over helga. TUSEN TAKK TIL ALLE :))

Vil ynskje alle her i Blogglandia ei koseleg og kjekk førjulshelg. Nyt dagane og kvarandre.

Smil og klem i julestria frå Lill :0))

lørdag 13. desember 2008

I LYS AV MÅNEN........

Eit fantastisk skue var å sjå over dei høge majestetiske fjella her i Ørsta i dag tidleg og i kveld. Fullmånen lyste so klårt over bydga vår, og la ei mystisk stemning over fjelltoppane.

Naturen er vakker .......

005

 003

020

 

Og so kom kvelden .......

 

034

028

 

Ha ei fantastisk 3. adventshelg alle:))

Smil i vinternatta frå Lill :))

 

torsdag 11. desember 2008

 

Friends are flowers in the garden of life!

Nydeleg berre heilt skjønn denne utmerkinga eg var så hjartans heldig å få lov til å hente hos Line i Kvardagsliv i Storemyra fordi eg er ofte på besøk hos ho og les alt det flotte ho skriv og vil dele med oss andre:)) Du er heilt unik Line og eg setter umåteleg stor pris på ditt vennskap. Tusen takk kjære venn

 

 

image

 

........ og om ikkje det var nok, låg det en utmerking til der som eg fekk hente med meg heim:) Den setter eg veldig stor pris på og vil bere med meg vidare her inne i vår "lille" verden.

Samstundes vil eg då gi desse to utmerkingane vidare til alle dei gode venane eg har fått her inne, og alle dei hjartegode mamsebamsene ( rart namn..... Silje kallar meg det, koseleg synes eg)  som besøker meg. Dokke er alle unike. Ta med dokke desse to utmerkingane, dei er dokke alle vel unt... kvar og ein av dokke!!!

image

Kjære Line...... TUSEN TAKK for fantastisk oppmuntring:)

Smil og klem frå Lill

Tusen takk for fantastiske utmerkingar :o)

image

Frå Silje i Mine dagar fekk eg denne nydelege utmerkinga. Eg elska slike:)) TUSEN TAKK.

Same Utmerkinga fekk eg frå Monika i Monikas Liv :-) setter utruleg stor pris på mine venar i BLOGGLANDIA som gir meg slike:)

Med denne må eg også nemne 5 ting eg er avhengig av og her kjem dei som perlar på ei snor:

1.  Mi KJÆRE solstråle SILJE.

2.  Siljes pappa og min sambuar.

3.  Kaffi....... drikk fleire liter om dagen ........må ha det...... berre må ha det:)

4.  Min bærbare PC........ snakke med Silje på Skype og blogge:))

5.  Stearinlys....... nyter tidlege morgonstundar med tente lys.......

Så skal denne vakre utmerkinga på ei reise til 5 andre innbyggarar i dette koselege "landet" vårt:

Stine i Familien Fjørtoft, Solveig i bloggen Ulla, Kate i Shamines lille hjørne med litt av hvert, Elisabeth i Oss alt- og ingenting og til slutt Line i Kvardagsliv i Storemyra

 

Lykke til ;))

 

Endeleg........

 

IMG_1063

So er den lange ventetida over :)) Sola mi er heime i Ørsta og mamsen har ikkje sove so godt på monge månader:)) No skal vi nyte tida, bake, handle julegåver og berre kose oss.

LIVET ER HERLEG !

Smil og latter frå Lill

onsdag 10. desember 2008

Ventetida er snart over..............

No er dagen her....

Sola mi har landa i Frankfurt!!!!!!!

Dagen eg har venta på så lenge....

Berre 8 timar att...........

Denne mamsen er berre HAPPY!!!!!!!

Picnik collage

 

 

Øre til øre smil frå verdas lykklegaste :o)

tirsdag 9. desember 2008

The biggest GIFT of all....


I kveld klokka 23.10 - Norsk tid - letter eit fly frå Dallas Forth Worth

med den mest dyrebare gåva ein kan tenkje seg. På eit av seta sitter

SOLSTRÅLA mi og er på veg HEIM til Jul. I går var

ho ferdig med eksamen, og no får vi 5 herlege veker saman før ho skal tilbake til

Texas 13. januar. Eg veit dei vekene vil berre fyke av stad,

men vi skal nyte kvart sekund ilag :)

Silje_Fj_rtoft_574877p

Ho har hatt ein fantastisk terrengløpsesong der borte,

og forrige dagen vart ho kåra til ÅRETS TERRENGLØPAR

blant 8 statar i USA. Eg er så stolt av denne flotte jenta mi, ord blir

fattige......

TIL    SOLSTRÅLA    MI

Min datter er full av latter og smil

og jeg er glad for at hun er til

Hun har et indre lys og en giv

Hun tar imot det som bys av liv

Med en varme som strømmer

hun følger sitt hjerte og sine drømmer

Hun er en fri sjel som gir av seg selv

mens hun går sin egen vei

og jeg er evig takknemlig for at hun valgte å komme til meg


20080128-015_1691236m

Du fyller mitt liv med glede,

ein glede som gjør meg så glad.

Du fyller mitt liv med rikdom,

ein rikdom som ingen kan ta.

Du fyller mitt liv med latter,

Eg er SÅ UENDELEG glad ideg min kjære DATTER.

fredag 5. desember 2008

 

LOMMELESTAR....one size fits all.....

Dette er ein super måte å bruke opp restegarn på..... eller kjøpe noko tråd du lika. Her har eg brukt Ragg-Strømpegarn, og eg brukte knappe to nøster:) Gjort på ei lita kveldsøkt og ein artig gåveide er det også:) Eg sender mine "Over There"........ kjekke å putte i lomma når du skal på besøk.......

003

 001002  

018 015

 

.......Her er det ferdige resultatet......

 

OPPSKRIFT

Garn som passar til pinne nr. 3,5 eller 4.

Rillestrikk

Legg opp 5 masker

Strikk 2 riller.

Øk så 1 maske i starten av kvar pinne til du har 22 masker.

Øk så til 44 masker = Øk i kvar maske.

Strikk 2 rette og 2 vrange i ca. 15 cm.

Strikk 2 og 2 masker sammen til du igjen har 22 masker.

Forstett i rillestrikk og fell 1 maske i starten på kvar pinne til du har 5 masker att.

Strikk 5 riller og fell av.

Legg arbeidet saman på vranga som ei veske og sy sammen i sidene ( som blir framme og bak på lesten) og på "båndet over vrista:)

 

Eg bruker å strikke inn på annankvar pinne med litt effektgarn der kor det er rillestrikk.  Pynt gjerne med en knapp el liknade over vrista.

Fleire Lommelestar:)......

007 008

010 011

004 009

Kanskje nokon har lyst til å prøve..... håper oppskrifta er grei å forstå:))

Smil frå Lill

torsdag 4. desember 2008

Tusen takk til Steinbokkjen  :o)

Denne nydelege utmerkinga fekk eg av Steinbokkjen 

og med utmerkinga lag ein kjempekoseleg tekst. Så hyggeleg å få.

Skal sende den vidare til ÅTTE heimar i Blogglandia:))......

og her er dei:

Anne Grethe, Stine, Ulla, Familien Thorsen Torvik.

LailaMonika, ElisabethAstrid

Herlege innbyggarar i vår Lille verden som eg setter stor pris på:)

Mange andre som også kunne fått denne utmerkinga, for her inne

har vi ein hyggeleg og inkluderande tone oss imellom:))

image

The blog invests and believes the PROXIMITY - nearness in space, time and realationship! These blogs are exceedingly charming. These kind bloggers aim to find and be friends. They are not interested in prices or self-aggrandizement.
Our hope is that when the ribbons of these prices are cut, even more friendship are propagated.
Please give more attention to these writers! Deliver this award to eight bloggers who must choose eight more and include this cleverly written text into the body of their awards.


"Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold!"
Disse bloggerne er usedvanlig sjarmerende og søte, og formålet er å finne og å være venner.
De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.
Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet, vil enda flere vennskap ha forplantet seg. Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse!
Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere, som igjen må velge seg åtte nye. Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres.

Tusen Takk for at DU e DU

Smil i vinterland frå Lill

tirsdag 2. desember 2008

Førjulshelg på Fjørtofta :)

Denne helga har vore fantastisk kjekk og koseleg der ute i havgapet.

Øya viste seg frå ei fantastisk side, og laurdag var eg og fotokameraet ute på tur.

Huset vårt ligg tett ved småbåthamna.......... her har ein utsyn mot Harøya og

ut mot det opne havet.

008

deileg å gå å vandre her....... sjå på båra når ho bryt inn mot land

007 002

eller la blikket vandre ut mot det opne havet ......

003 005

Det er så vakkert her ut:) Som eg brukar å seie;

"BALSAM FOR SJELA"

028 031

Søndag var det tenning av julegrana ved kyrkja der ute. Ei stemningsfull stund....

042 056

På veg frå Fjørtofta dro eg innom ein  fantastisk butikk i eit lite kvitt hus på Vatne.

Bak disken traff eg ei Ørstadame som hadde all verdas garn eg aldri har høyrt om før:)

Vart nokre nøster der....... ho har ei heimeside Trådsnella anbefalar ein tur dit:)

Vidare gjekk turen til Langevåg og Emmas Verden med all tenkeleg stasj i butikken. Butikken var stengt måndagar, men eg ringte og ei kosleleg dame sa: " Er du i Vågen?, eg kjem eg", og eg fekk julegåva eg var ute etter:))

 

Bileta under er henta frå ei samling som fjørtoftingen Eldar Fjørtoft har tatt

på denne vakre øya ute i havgapet.

398

276 107

231

Nyt den kommande veka kjære bloggvenar.

Eg teller dagar til SOLA mi kjem att frå Texas.

Smil i førjulstid frå Lill

 

torsdag 27. november 2008

Familien....ei gåve i seg sjølv

Eg ser deg så sjeldan....nesten aldri.

du er ikkje langt unna....men likevel....

går det ikkje alltid slik ein trur og håpar.....

men farmorhjartet mitt ynskjer så INDERLEG...

 

Julekort1

Håpet mitt er lyden av dine hoppende føtter,
små grener - der jeg selv er treets røtter.


Drømmer som fylles fra glimtet i ditt øye,
fantasien min lar seg gjerne tøye.


Sinnet mitt styrkes av de små og store krav,
terskelen for gleder holder seg lav.


Sjelen min fylles når din glade stemme runger,
den søte musikken fra en livsglade unge.


Livet
får mening med andre dimensjoner,
og erstatter mange brustne illusjoner.



tirsdag 25. november 2008

Trekantsjalet  er  ferdig.......

Eg hadde ein gong eit stoooooort garnnøste av type SUSANNA....... 350 gr ! ........Og eg må berre seie at det virkar ikkje som det har minka noko heller etter at eitt TREKANKSJAL no er ferdig.

Tok å la det på vekta...... 80 gram og det med tre duskar også:)

Kjapp divisjon seier at eg får tre sjal til av dette nøste til kr. 165,-,

det vil seie  41,24 pr. sjal !!!! Billig:))

Vel....... her er resultatet......

trekantsjal

 

Skal eg ha det sjølv eller gi det vekk .................. vel vi får sjå :)

Smil frå Lill

søndag 23. november 2008

 

Når naturen snakkar til oss med musikk, ord og bilder ........

064

Do you ever feel

stressed out

and need a shot of inspiration?

.... if the answer is yes,

then take a deep breath and.......

escape to the BEAUTY

and WONDER and

JOY of NATURE........

060

gå til linken under og len deg godt tilbake og nyt.......

Det gjorde eg:))

http://www.naturesinspirationmovie.com/

 

Smil i søndagen frå Lill