LOMMELESTAR....one size fits all.....
Dette er ein super måte å bruke opp restegarn på..... eller kjøpe noko tråd du lika. Her har eg brukt Ragg-Strømpegarn, og eg brukte knappe to nøster:) Gjort på ei lita kveldsøkt og ein artig gåveide er det også:) Eg sender mine "Over There"........ kjekke å putte i lomma når du skal på besøk.......
.......Her er det ferdige resultatet......
OPPSKRIFT
Garn som passar til pinne nr. 3,5 eller 4.
Rillestrikk
Legg opp 5 masker
Strikk 2 riller.
Øk så 1 maske i starten av kvar pinne til du har 22 masker.
Øk så til 44 masker = Øk i kvar maske.
Strikk 2 rette og 2 vrange i ca. 15 cm.
Strikk 2 og 2 masker sammen til du igjen har 22 masker.
Forstett i rillestrikk og fell 1 maske i starten på kvar pinne til du har 5 masker att.
Strikk 5 riller og fell av.
Legg arbeidet saman på vranga som ei veske og sy sammen i sidene ( som blir framme og bak på lesten) og på "båndet over vrista:)
Eg bruker å strikke inn på annankvar pinne med litt effektgarn der kor det er rillestrikk. Pynt gjerne med en knapp el liknade over vrista.
Fleire Lommelestar:)......
Kanskje nokon har lyst til å prøve..... håper oppskrifta er grei å forstå:))
Smil frå Lill