tirsdag 10. februar 2009

Å vere toppidrettsutøvar og fulltidsstudent krev si KVINNE....

 

Sidan bloggen min heiter

Silje The Mustang,

så vil det med jamne mellomrom kome stoff om SOLA mi her:0))

3000m hinder EM Litauen 2005 Silje

Å vere toppidrettsutøvar og fulltidsstudent krev si kvinne fullt ut...

For å nå dei måla du har satt deg, krev det at du er målbevist, strukturert og at du elska det du gjer.

Du må vere audmjuk for idretten din, ta et steg om gongen og ha tru på på deg sjølv.

Du må takle medgong så vel som motgong, samtidig som du må ha motivasjon,

og Silje arbeidar hardt for å nå dei måla ho har satt seg, både på idrettsbana og på skulen.

Silje har ein fantastisk trenar, Magne Wullum frå Tingvoll, som veit korleis Silje si trening skal vere.

Han reiser ned til Dallas to gongar i året for å vere der saman med ho.

Så i Påska er han klar.....:0))

!cid_2263C6B138A3479AAAB1A31AE054C02C@LillPC

Silje har travle dagar i Dallas, Texas, med to treningar kvar dag og i tillegg 20 timar undervisning på

Southern Methodist University.

(som skal bli plassen der George W. Bush bygger Presidential Lirary)

image

Dagen startar 05.30 for Solstråla mi, med lett frukost før fyrste trening som tek ca. 1- 1,5 timar.

Nå er Silje ein morgonfugl, og det har sine fordelar, for mellom kvar treningsøkt må det minst vere 5 timar,

slik at kroppen får restituert seg skikkeleg.

image

Heim til frukost, dusj og skule. Ein god frukost er særs viktig, og bør etast under 30 min. etter du har avslutta treningsøkta.

Viktig å fylle opp energilagera dine raskt.

Og ein utøvar som trenar så mykje som Silje må minst ha 1500 - 2000 kaloriar meir enn oss kvar dag.

NM_inne_2007_Silje_Fjortoft

Skulen startar 09.00,

Biologi, Kjemi, Psykologi, Tysk og Kunstfag krev mykje eigenstudie i tillegg til undervisninga.

Silje valgte Tysk fordjupning på vidaregåande, og har fortsatt med faget der nede.

Målet er å ta ein Minor i Tysk.

Språket fekk ho sansen for på Ørsta Ungdomsskule, der Lærar MØRK var en stor motivator for Silje.

Skulesystemet i USA er annaleis enn her heime, mange oppgåver å skrive, prøver og testar i alle fag kvar veke.

Er du borte frå undervisninga, om så berre for ein time, må du ha sjukemelding frå lege.

Etter endt skuledag ber det heim til leiligheita, der ho delar soverom med ei anna jente på laget.

Nytt påfyll av energi før treninga startar igjen 15.30.

Då går det fort 2 -2.5 time før ho er tilbake.

Det å få trene saman med fleire under gode treningsforhold var viktig for Silje når ho valgte å dra til SMU.

Mellom og langdistanse laget til The Mustangs, består av 10 herlege jenter. (Trenar øvst til venstre)

Dette er jenter som bryr seg, og som er inkluderande på alle moglege områder.

I tilleg til desse, består laget av hopparar, sprintarar, og fysioterapeutar.

image

Middag, lekser, kveldsmat og God Natt rundt 21.30.

Dette er kvardagen "Over There" for Solstråla mi.

Silje spring ulike øvingar på konkurransar, men 3000m hinder er favoritten

Det krever mykje teknikktrening i tillegg til rein løpstrening.

049

Silje har opplevd mykje på idrettsbana og vore med på blant anna EM i Ungarn og VM i Japan.

Og ho arbeidar mot sommarens store mål som er EM for U23 i Kaunas, Litauen.

Det store framtidige målet er OL i LONDON  2012

Takk for at du tok deg tid til å lese, det betyr enormt mykje for meg:0)

Klem frå mamma'n til Silje