lørdag 4. oktober 2008

Award som varma i sjela

Denne AWARDEN fekk eg av våre gode vennar Anne Grethe og Petter. Den varma langt inn i sjela saman med det nydlege diktet "Ord over Grind" av Haldis Moren Vesaas. Setter utruleg stor pris på vennskapet vi har og sender AWARDEN rett tilbake til deg med ein stor takk for at dokke er til og for at du Anne Grethe opna augene mine for bloggverda:)


En blomst til deg
fordi du er til,
for alt du gir
er ærleg og snill.

En klem til deg
fordi du kom,
for vennskap er
å bry seg om.


Nytt terrengløp og flott resultat av Silje:)

Laget til Silje på Southern Methodist University, Dallas, Texas (Silje i midten framme)
Denne Helga er Silje i Chicago i staten Indiana og konkurrerar ved Notre Dam University. Terrengløpet gjekk over 5 km og det blei starta i to puljer. Tilsaman var det 383 jenter som stilte til start. Silje fekk 6. beste tida totalt; 16.42, og SMU blei 6. beste universitet av 25. Silje har hatt ei litt trøblete veke, men ein legg som ikkje har vore heilt god, så løpet var ikkje opptimalt for hennar del, men likevel forbetra ho tida med 7 sekund frå ifjor i same løypa.

Idag er det sightseeing og god middag i Chicago for jentene, og eg ventar spent på bilete:)