Mi gode venninne Anne Grethe ga meg ei utfordring ....... å velge ut fem bøker som er til inspirasjon, nytte og hygge for meg... og eg som ikkje er nokon lesehest i det heile tatt.- men gjer eit tappert forsøk likevel. Riktig nok har eg ei bokhylle....... men er ikkje på besøk så ofte der nei -Her er dei fem bøkene - sirleg plassert på bordet:) men når sant skal seiast er dette fem bøker
det knytter seg gode minner og mykje hygge til:)
- Sigrid Undset Kristin Lavransdatter
-
- Mina Thiis Desserter, kaker og konfekt
-
- Edith Holden Naturdagboka
- Maxwell Vår Kristne Arv -
- Beate Muri Oslo - byen slik den var
Sigrid Undset er bøker som skal vere i ein kvar heim brukte mormor å seie, og ho hadde monge..... og det er dei bøkene som står i mi bokhylle. Mormor leste mykje og fortalte ofte om bøkene ho las. Eg var svært fasinert av Kristin Lavransdatter, og den serien las eg fleire gonger.
Er inne i ei slik "mormor mimre fase" for tida :)
Mina Thiis si kokebok er limt opp til fleire gonger og har gått i arv fra mormor til mamma til meg:) Det er denne eg brukar når eg blant anna bakar småkaker til JUL. og dei blir god.............. Boka er flittig brukt og notatane er ofte til god hjelp. Berlinerkransane nam.....:)
I mine unge dagar likte eg svært godt å teikne, og blomster og dyr var det kjekkaste:) Denne Naturdagboka av Edith Holden, har mange flotte bilete og ikkje minst dikt om dei ulike månadane og årstidene.
For oktober står det blant anna:
Vinternatt maa du vente mig
fyrebod kommer eg visst,
og kommer jeg ikke før helgemess,
da bøier jeg bar og kvist.
Boka "Vår Kristne Arv" av Maxwell fekk eg i 1964 av mormor. Den boka er lest frå perm til perm monge gonger, og bileta fasinerte ei jente på 12 år:)
Mormor las ofte frå denne boka til meg om kvelden når eg hadde lagt meg, og ofte berre såg vi på bileta og mormor fortalte historia bak.
Gode borndomsminner :)
Den siste Boka - OSLO - byen slik den var av Beate Muri, er ei bok om
"gamle Oslo" og korleis det såg ut der. Eg har trått mine bornesko på Vålerenga, og tek eg ein tur dit idag vil eg ikkje kjenne meg att! Men i boka kan eg "vandre" på gamle stier og tenkje tilbake på når eg leika i desse gatene mellom dei små trehusa:)
Takk for at du vandra saman med meg i borndomens bokrike :))