torsdag 27. november 2008

Familien....ei gåve i seg sjølv

Eg ser deg så sjeldan....nesten aldri.

du er ikkje langt unna....men likevel....

går det ikkje alltid slik ein trur og håpar.....

men farmorhjartet mitt ynskjer så INDERLEG...

 

Julekort1

Håpet mitt er lyden av dine hoppende føtter,
små grener - der jeg selv er treets røtter.


Drømmer som fylles fra glimtet i ditt øye,
fantasien min lar seg gjerne tøye.


Sinnet mitt styrkes av de små og store krav,
terskelen for gleder holder seg lav.


Sjelen min fylles når din glade stemme runger,
den søte musikken fra en livsglade unge.


Livet
får mening med andre dimensjoner,
og erstatter mange brustne illusjoner.



tirsdag 25. november 2008

Trekantsjalet  er  ferdig.......

Eg hadde ein gong eit stoooooort garnnøste av type SUSANNA....... 350 gr ! ........Og eg må berre seie at det virkar ikkje som det har minka noko heller etter at eitt TREKANKSJAL no er ferdig.

Tok å la det på vekta...... 80 gram og det med tre duskar også:)

Kjapp divisjon seier at eg får tre sjal til av dette nøste til kr. 165,-,

det vil seie  41,24 pr. sjal !!!! Billig:))

Vel....... her er resultatet......

trekantsjal

 

Skal eg ha det sjølv eller gi det vekk .................. vel vi får sjå :)

Smil frå Lill

søndag 23. november 2008

 

Når naturen snakkar til oss med musikk, ord og bilder ........

064

Do you ever feel

stressed out

and need a shot of inspiration?

.... if the answer is yes,

then take a deep breath and.......

escape to the BEAUTY

and WONDER and

JOY of NATURE........

060

gå til linken under og len deg godt tilbake og nyt.......

Det gjorde eg:))

http://www.naturesinspirationmovie.com/

 

Smil i søndagen frå Lill

fredag 21. november 2008

Eg lengtar etter himmelsjå.....

snø

Blir så uroleg eg i slikt et ver.......

Trivst liksom ikkje.....

Ser ikke over fjorden eingong og snøen lavar ned,

og vinden piskar mot stoveglasa.

Veit det er høge fjell rundt meg.......

og det uroa.....

innestengt .......

Vil sjå eg..... slik er det berre.

Knakar i huset....

kaffi.... trur eg kokar ein kaffi...

kanskje det hjelper litt.....

mandag 17. november 2008

Det klirrar i strikkepinnane....

Eg er slik at eg må ha nytt garn liggande til ei kvar tid. Panikk for å gå "tom" for tråd:))

Berre nyter lyden av klirrande strikkepinar..... herleg!

001

.... men hjelpe meg for et nøste. Er som å bere eit lam:)

016

Heile 350 gr melert garn var surra til ein megabunt med ei samla lengde på 875 meter!

015

Eg kunne ha "strikka" meg ned på Ørsta Camping med det:))

006008

Har starta å strikke trekant-sjal så får vi sjå korleis det blir.

Tipset om garnet fekk eg frå Anne Grethe som har laga slike sjal og dei var flotte:))

Går vel ikkje "tom" med det fyrste no nei.............. 

Kanskje det blir julegåver....... kven veit:)

Ha ein fin kveld.

Smil frå Lill

søndag 16. november 2008

Når draumar blir knust og håp brister.......

Gir alt

Du er lyset og solstråla i livet mitt, og du gir meg så uendeleg mykje glede. Mammahjartet lyser av stoltheit over alt du gjer og korleis du er som medmenneske og dotter. Pågongsmotet ditt og vilja til hard trening er imponerande, og dei flotte prestasjonane du gjer på skulen og på idrettsbana  gjer meg så uendeleg glad og stolt.

Når du er trist og lei deg, er eg det også, for eg ynskjer at du berre skal ha gode dagar. Eg  gret inni meg kvar gong du er trist og har det vondt. Slik som igår..... skulle så gjerne vore å trøsta deg.

Draumen og håpet ditt brast, og du var så uendeleg skuffa. Vi viste du ikkje var heilt bra etter ti dagar med influensa ,men du stilte likevel opp for laget ditt og sprang dei 6 km slik at dokke kvalifiserte dokke til 

DET AMERIKANSKE   MEISTERSKAPET.

Sjølv om det ikkje gjekk slik du hadde draumt om, kjem det nye sjansar om 9 dagar:)

Dvel ikkje ved dagen i går,  men sjå framover. 

Eg vil alltid  vere der for deg. og i mine auge er du alltid ein vinnar:))

035

Deiligst av alle gleder

er gleden for slett ingen ting.

Ikke for noe du kan eller vil,

gleden for intet

og gleden for alt.

Gleden fordi DU er til.

Axel Juel

Veldig glad ideg jenta mi.

 

fredag 14. november 2008

Tusen takk  Lille meg :))

bestaÅ.... er den ikkje søt vel :) Var så heldig å få den frå  Lille meg :) Den skal eg nyte ei stund før eg sendar den vidare:) Tuusen tusen takk .

Nyt fredagen .

torsdag 13. november 2008

 

Utmerkingar

 

 

Utmerking koselege helsingar Idag føler eg for å sende ei lita utmerking til nokre av mine "sambygdingar"

her inne i BLOGGLANDIA:)

Alltid ei kosleg helsing som ligg der på bloggen min og ventar, og det setter eg

enormt stor pris på.

Anne Grethe, Siv, Lille meg, Linn, Stine og Monica får utmerkinga sendt med eit smil:))

Utmerkinga går også til alle dokke andre som besøker meg:)) Tusen takk.

Smil og klem frå Lill

onsdag 12. november 2008

Utfordring frå Linn

Fekk denne artige utfordringa frå Linn som er ei slik HERLEG jente. Den tar eg på strak arm og graver djupt i hukommelsen for å finne noko som kanskje ikkje alle veit om meg. No skal det seiast...... eg tyter veldig.....:) veit om det, men alt kan eg vel ikkje ha øst ut av meg heller.....

1. turn

Begynte med turning i klubben BJART når eg var 5 år. Holdt på til eg var 23, og var det ein kalla konkurranseturnar. Trena 6 dagar i veka. Det var tider det.......................ikkje mykje spagaten lenger her no.




hardangervidda

17 år gamal gjekk eg frå hytte til hytte over Hardangervidda åleine. Hadde med telt og fiskestong og var borte i 10 dagar. Hjelp.... skjønner ikkje at eg turte det, men ein utruleg oppleving - ligge i telt nokre netter, andre på Turistforeininga sine mange flotte hytter. Fiske, vandre over fjellet og nyte naturen, kan ein ha det betre?




DrivaLeigde eit stabbur når eg var 18 år - atter ein gong åleine - ved elva Driva og fiska med flugestong etter laks ei heil veke. der sto eg med "vaddissa" og flugestonga, det var berre heilt fantastisk:)) Dårleg fiske, men utruleg kjekk veke som eg ser tilbake på med glede:)



Ford Cortina Super Deluxe 1966 rear

Ford Cortina mkI  1966 light20 år gamal kjøpte eg meg ein Ford Cortina 1966 modell, mosegrøn med kremgule "vingar". Dro til ein rallykjøyrar på Bjørkelangen og trimma den opp med ny kamaksel og dobble Weber-forgassarar. Gjekk som eit UVER!!!........... og kva skulle eg med bil som ikkje hadde lappen.....................................


IBM  med kulehode

Jobba som kombinert sekretær og lagersjef på boktrykkeri i Oslo. Kjørte truck og henta store pallar med papir, for der etter å gå tilbake til min skrivemaskin, EIN IMB MED KULEHODE OG RETTETAST - når pallestablinga var unnagjort:) Litt av eit liv......


speiderdraktVar med i KFUK, som meis, så speidar og seinare troppsførar frå eg var 7 år. Var på mange speidarleirar rundt om i Noreg:)) Kjempeartig tid, og eg var aktiv heilt til eg flytta til Sunnmøre 23 år gamal.





hestHadde ein halvblodshest på halv-fòr i 4 år. Han fòra eg før og etter arbeid, og søndagane var berre våre. Då sala eg opp og la i veg innover Østmarka. Langs dei mange vatna trava vi i monge timar. Sorga var stor då han etter kvart vart sjuk og måtte avlivast. Men minna er der:))

Nå skal nokon andre få grave seg ned i hukommelsen....... derfor går denne utfordringa vidare til:

Anne Grethe, Tove, Astrid og Monica. Lykke til og nyt onsdagen:)

Smil og Klem frå Lill

søndag 9. november 2008

Stor dag for lita  prinsesse

Collage Celine

ET LYS ER TENT

Noe stort har hendt

en skatt ble sendt

og landet

på vår jord.

Et lys er tent

to øyne vendt

mot verden,

far og mor.

collage celine 2

For ein flott dag vi har hatt i dag i Celine Fjørtoft sin BARNEDÅP:))

celinedaap 0361

 

Dåpen var i kyrkja på Haramsøya, og familie og vennar var samla til denne store høgtida. Barnekora NoHa song mange flotte songar under dåpssermonien, og Celines storsyster var blant dei:))

 

 Middag og kaker, og sjølv vergudane var med oss store delar av dagen.

Denne store flotte familia er eg ein del av, TENK DET!

Takk for ein koseleg søndag i lag med dokke:)

Mange store klemmar frå tante Lill

lørdag 8. november 2008

Til lukke med dåpsdagen i morgo Celine                                                             

celine dåp

Dåpsalme

Det skjer et under i verden
hver gang et barn blir til,
over det gryende livet
lyser Guds skapersmil
Ingen på jorden er himlen så nær
som barnet han tar i sin favn.


Det skjer et under når barnet
møter oss hud mot hud,
øynene speiler Guds himmel,
gir oss et glimt av Gud.
Ingen på jorden er himlen så nær
som barnet han tar i sin favn.


Det skjer et under i dåpen,
her skapes liv av ord.
Barnet er størst i Guds rike
skjønt det er minst på jord.
Ingen på jorden er himlen så nær
som barnet han tar i sin favn.


Så la oss synge i glede,
nå er Guds Ånd oss sendt,
vannet blir kilden til livet,
her har et under hendt.
Ingen på jorden er himlen så nær
som barnet han tar i sin favn.

 

 

I morgo tidleg drar vi ut på Haramsøya for å vere saman med deg på denne store dagen. Eg og onkel er stolte og rørt over å få vere dine fadrar. Vi gledar oss til å få fylgje utviklinga di framover, og å bli kjent med deg.

Takkekort Celine

Du er det 11 bornebornet på farssida, og det nyaste syskenbornet til Silje. Slekta veks, og imorgo samlast vi alle, så nær som Silje, til stor dåpsfest:)

TIL LUKKE MED DAGEN CELINE.

Stor klem frå tante Lill, onkel Ragnar og Silje

onsdag 5. november 2008

Tusen takk for utmerking Astird :))

 

imageDenne nydelege utmerkinga fekk eg av Astrid i Frå eit A4-liv.

Det er så koseleg å få utmerkingar :)) Eg set veldig stor pris på dei.

Ynskjer å sende den vidare til Brit med bloggen Lille Meg. Ho legg alltid att hyggelege helsingar hos meg, og det er så koseleg å gå på besøk på bloggen hennar:))

Nå også med video.....

C USA 022

Har lagt ut en link til løpet som Silje vann under Conference USA. Dette er ein video frå konkurransens høgdepunkter:)  PS! Kan med fordel skru ned lyden, musikken var slitsom :))

 

Her kan du, om interressa er der, sjå Silje sitt løp frå C-USA, Memphis, Tennesee

tirsdag 4. november 2008

UTMERKING :))

image

Tusen tusen takk til STEINBOKKJEN for denne koselege utmerkinga. Eg set stor pris det :) 

Då er det min tur til sende den vidare :))

Miamor som det alltid er kjekt å titte innom:)

Siv som tryllar fram eine plagget etter det andre med symaskina si:)

Astrid som skriv så levande å flott og delar dei flotte bileta sine med oss:)

Line som alltid har hyggelege helsingar:)

Monika som gjer meg glad når eg les bloggen hennar:)

Stine som har gitt meg tillit til å vere fadder for nydelege Celine på søndag:)

Anne Grethe som er mi beste venninne, takk for at du er til:)

Dei som mottek denne awarden kan velge om dei ynskjer å vise den på bloggen sin. Link da den personen som ga deg den. Velg 7 bloggar du vil gi utmerkinga vidare til, og link til disse.

Håper dokke tar utfordringa kjære innbyggarar i BLOGGLANDIA:))

 

Nyt dagen, høyrer forresten rykter om at SOLA kjem  idag:)) Ta godt imot HO.

mandag 3. november 2008

Silje..... vi er så utruleg stolt av deg!

silje the chapion

 Laurdag var Silje i Memphis, Tennesee. Her gjekk Conference USA meisterskapen, og The Mustangs var på plass for å springe 5 km terrengløp. Vi var på Fjørtofta, UTAN INTERNETT og  spenninga var stor i heimen:) ......... såg på klokka, rekna meg bakover 7 timar og gjekk att og fram på stovegolvet når eg viste løpet starta. Er berre heil fælt å ikkje få vere der ilag med jenta mi! Minuttane gjekk og eg trava rundt. Ringer ho ikkje snart? Korleis gjekk det? Har det skjedd noko? Mange tankar svirra rundt....... prøvde å strikke...... utan HELL!  Då høyrar eg ringetonene" Jag trodde englane fans bara bara i himmelen"...... det er den som spelar når Silje ringer.  Hallo jenta mi, korleis gjekk det?   Då høyrer eg frå den andre sida av Atlanteren; "EG VANN MAMMA, EG VANN!!" Då berre rann tårane og hjartet svulma og eg trur nesten eg lyste opp halve øya av stoltheit!  Tenk! jenta mi vann med over 17 sekund til nr 2, og  til og med på ny meisterskapsrekord!  Er det noko rart at mammahjartet nesten hoppa ut av kroppen:)) for eg veit kor mykje trening det ligg bak , og kor mykje det betyr for ho å få betalt for alt strevet .Eg får knapt sagt gratulerer før Silje fortsetter "Mamma, mamma, høyr mamma,  vi vann lagkampen også, og trenar Cathy Casey vart kåra til årets trenar" Det ville ingen ende ta:) Universitetet til Silje gjorde reint bord, og dette var jenta mi med på å bidra til. FANTASTISK! 

Då var tida komen til å ringe rundt til slektningar og vener med gladnyheita:) Trenaren til Silje, Magne Wullum på Tingvoll sto å parterte hjort då eg ringte. Det er han og Silje som har   ALL   ÆRE   for  framgongen på idrettsbana. Den kunskapsrike og supre trenaren med omtanke for eleven sin, måtte berre legge frå seg kniven og sette seg ned. Han vart så rørt og glad, for dette er ein fantastisk prestasjon. "Silje har markert seg i USA tidlegare ho, men dette overgår alt ... sjø.." kjem det gjennom telefonen frå Tingvoll:)).

Champions Her er The Mustangs, frå venstre;

Ilyssa, Monika, Jessa, SILJE med trofèet, Rachel, Sierra, Clair, Samantha og trenar Cathy Casey. Ein fantastisk bukett med jenter som skinner om kapp med sola.

 

Er så utruleg stolt av deg jenta mi, du er  sola og lyset i livet mitt. Kjempeglad i deg:))

Stand up for the Champions :))

Gullklumpen er 1 år!

Iver August bursdag 1 år Denne sjarmerande prinsen er vi så heldige å vere faddrar til. Han er berre herleg, blid og glad. I går var han 1 år! og tida har berre rast så altfor fort:) Hugsar vèl den dagen han var fødd, då var eg og Ragnar akkurat komen fram til Silje i Dallas, Texas. då Mammaen din ringte frå sjukehuset, den etterlengta guten var KOMEN. Det er så kjekt å få lære deg å kjenne Iver August, og følge utviklinga di framover. Du er ei solstråle som lyser opp kvar gong ho "tante" Lill kjem, og vi er så uendeleg glad ideg.

I går var vi selskap og feira deg med mykje god mat og mange kaker. Mamma Anne Grethe og Pappa Petter hadde trylla fram den nydlegaste Lasagnen og dei flottaste kaker ein kan tenkje seg, og slekt og venner hadde koseleg lag saman med deg på dagen din:)

Om berre 3 veker skal mamma tilbake i jobb, og du til dagmamma:) Det kjem til å bli ein stor overgong for dokke alle, men det kjem til å bli kjekt også Iver August:) Ser deg snart:) Stor klem frå "tante" Lill og "onkel" Ragnar.