torsdag 12. november 2009

Limbo Mexiko Rein ny ull :0))

 

004

Igår var eg ein tur på den nye garnbutikken, Garnkroken, i Ørsta igjen..

Finn så mykje spennande garn og oppskrifter her.

Tok med meg garn, pinnar og oppskrift og dro på besøk

til mi gode venninne Torill:0)

Vi strikka, prata, drakk kaffi og planla ein koseleg Førjulstur til Ålesund,

medan pinnane gjekk seg varme, og her er resultatet:

Picnik collage 99

Ein Stjernehals som skal varme ein liten gut no i kulda.

Var kjapp og enkel å strikke, og garnet er mjukt og godt:0))

Ha ein super dag

PS! Resultatet av jubileumstrekninga finn du HER

Smil frå Lill

And the winners are......

 

trekning

Tusen takk til alle som ville vere med på jubileumsfeiringa mi:0)

Og då kjære bloggvennar er trekninga høgtidleg foretatt,

med god hjelp av pusen Mimzy, ein god kaffikopp og tente lys :0)

017

Skjerf og Baggy-lue gjekk til.....Gerd med bloggen Steinbokkjen.

Håper du får nytte av premien :0)

019

 

Tova Tøfflussar :0) tek vegen til heimfylket....

nærare bestemt Haramsøya....

Og vinnaren er......Solveig med bloggen Ulla.

Håper dei fell i smak:0)

Ha ein flott torsdag der ute.

Smil frå Lill

mandag 9. november 2009

Utsetter trekning til onsdag:0)

 

bursdag

God morgon alle bloggvenner:0)

Gått litt fort i svingane her i helga,

så eg utsetter trekninga mi til onsdag:0)

Smil frå Lill

søndag 8. november 2009

GRATTIS TIL ÅFK OG MED FARSDAGEN ALLE PAPPSER DER UTE.

aafk_eat_molde_large

Skriv svært sjeldan om fotball her på bloggen.....

men IDAG ER UNNTAKET :0))

Vore benka foran skjermen i 4 timar.....

før avpark... kampen.....ekstraomgongar.......straffekonk.

Det har vore ulideleg spennande og kjempeartig.

Ålesund vann cupfinalen med 5-4 på straffekonk.....

BERRE FANTASTISK,

Eg tek av meg hatten

hatt

Takk for god underhaldning

Smil frå Lill

 

søndag 1. november 2009

Strikk, kaffi og herleg morgonstund :0)

009 010

Tente lys, nybrygga kaffi og strikk tidleg søndag morgon.......

Berre ubeskriveleg avslappande.

002  008

Er i gong med ei strikkebestilling, og dette garnet er berre lekkert.

Godt å strikke av og gir fin effekt i fargekombinasjonane:0)

Eitt nøste er på 140m og 50 gr. og det er nok til eit barneskjerf!

bursdag

Minnar om jubileumet her på bloggen min,

det er framleis tid til å vere med:0)

Klikk på bildet så kjem du til innlegget.

Nyt søndagen:0)

Smil frå Lill