tirsdag 28. april 2009

Det er TRE små prinsessar......

Picnik collage65

som bur på ei øy ute i havgapet.

Den eldste er skulejente.....

den mellomste er barnehagejente......

og den minste er "heime-hos-mamma-og-pappa-jente".

No har det seg slik at desse tre jentene har ei tante som berre må strikke!

Ho strikkar langt og lenger enn langt.....

og pinnane klirrar der ho sit i sofakroken......

medan katten synes av og til det blir for lite kos og for mykje strikking.....

Eg har slikt å gjøre, eg har slikt å føre, sa tanta......

og for avstad for å hente seg ny tråd.......

image

onsdag 22. april 2009

Ny universitetsrekord og Billettane er bestilt Ørsta - New York - Dallas... :0)

image

Silje har vore i Walnut California og sprunge 5000m :0)

Og då gjekk det unna.......

Ho sette ny personleg rekord med over 24 sekund og ny universitetsrekord.

Tida var 15.55. og fyrste gong under 16 minutt :0)

Då er ho kvalifisert til   EM   U23   på to distansar ( 3000m hinder og 5000m)

Er så stolt av deg snuppen :0))

Og very soon.........

Dallas here we come!!!!

 

image

I Dallas bur det meir enn 6 millionar menneske, og byen har over 160 museum og gallerier.

Dallas har fler restaurantar pr. innbyggar enn New York,

og har fleire shoppingsenter enn nokon annan by i USA.

image

Og så har dei Southern Methodist University !

Grunnlagt i 1911 av United Methodist Church.

Universitetet er privat og har ca. 11 000 studentar ,

og har eit område på 295 acres ( 1 acre = 4047m²)  å boltre seg på :0)

Alle universitet i USA har eit motto, og på SMU er det:

"Veritas Liberabit Vos " som oversatt til engelsk blir "The Truth Shall Set You Free"

Southern Meyhodist University har eit kallenamne: THE    HILLTOP.

I 2008 fekk SMU 1.3 billioner dollar i donasjonar!

 

image

SMU’s offesielle maskot har fått namnet Peruna, og er ein svart hingst av rasen Shetlandsponni.

På kvar heimekamp i Amerkansk fotball kommer Peruna, og når det scores "homerun",

springer ponnien over fotballbanen.

018 (2)

Og det er her Solstråla mi bur, spring og studerar.

Men snart........veldig snart....

kjem vi på   BESØK!

Øyre til øyre smil frå Lill 

TÆRT AV TIDAS TANN.....

050 052

For 20 år sidan bygde Ragnar leikarhytte til Solstråla mi :0)

Og den var i flittig bruk i monge år.......

og kvar vår hadde Silje storreingjering :0)

061 055

Skiltet på døra som ein gong var leseleg har blitt tært av tidas tann.....

som resten av det lille huset.

Laurdag blei D-dagen......

057 056

Inne i bordkledinga dukka det opp eit fuglereir......

og det må ha vore der lenge.....

det var berre skala att av egga.

 

053 062

Den lilla kanina i hjartekurven har fått seg ein tur i vaskemaskina....

og bilete har blitt vaska og pussa :0)

Gode minner frå ei svunnen tid.

Smil frå Lill

mandag 20. april 2009

Hekta på Lerke.....

071

Blitt hekta på garnet Lerke...

blandig av ull (52% ) og bomull ( 48% )  :0)

Så her har strikkepinnane gått seg varme nokre dagar.

3 tunika`r  og 3 hattar til 3 små prinsessar.

063 067

Lilla og turkis blir sendt ut på Haramsøya

068

Den Rosa er vel framkomen i Mosmarka :0)

044 041

Så her har strikkepinnane gått seg varme :0)

Nyt kvelden der ute.

Eg skal inn til kvar og ein av dokke no.

Vi snakkast:0)

Smil frå Lill

søndag 12. april 2009

Internettduppeditt som ikkje funka........

image

No skulle alt gå so mykje betre etter at duppeditten som skulle halde meg i kontakt med omverda vere oppgradert og fiksa........

Turbo 3G..... må då vere bra....

DEN GONG EI FOLKENS........

Her har vi tid til ei god krus med kaffi før startsida laster seg opp....

og det kallar dei Turbofart hos produsenten.......

Hjelpe og trøste oss.....

Dei rir ikkje den dagen dei sala hesten der......

Elles har vi hatt ei fantastisk PÅSKE  på øya i havgapet.

Mykje besøk, mykje aktivitet og turar.

I morgo ber det heim til bygda og eit skikkeleg breiband.....

då tek eg turen innom dokke alle.

Håper dokke ikkje har glemt meg.... :0)

Her kjem eit lite knippe bilder av vår påskeferie

001

Toving av påske egg ved Malin, Sondre og Emilie

012

og fine vart dei  :0))

005 019

Etterpå var det manikyr og pedikyr på to små skjønne prinsessar....

025 022

Som sat stille som mus medan herlegheita tørka......

og det veit vi tek tid......

040 041

Håkon og Øyvind frå Dimna var på besøk saman med bornebornet Andrè med hunden Lucky

og pappa Marius med samboar Silje Maria

090 079

Marius bilder 078

Medan MIMZY gøymde seg oppi treet.....

som hund og katt heitast det.....

Og over oss sveva ørna ......

139 

Sitter utanfor husveggen ..... bak nova.... og steler internett med naboen...

Hjelpe meg......

Smil frå Lill

onsdag 1. april 2009

LA LALLA LA.....

 

Picnik collage62

Idag kom eit kjempekoseleg brev frå USA :0)

Vi er offisielt bedt i bryllup 7. juni i Boerne, som ligg i nærleiken til byen San Antonio, sør-øst i Texas.

Siljes beste venninne Jessa giftar seg med sin Alexander,

og Silje skal vere brudepike.

Det hadde vore SO KJEKT å vore med på ei slik hending der borte:0)

Vi får ta fram kalenderen og sjå om vi skal utsette USA turen 14 dagar.......

Har veeeeeldig lyst .