tirsdag 6. januar 2009

Håpet er lysegrønt :0)

No har lysa på juletre brent ned,  advendtsstakane ligg trygt gjemt i ei krå på loftet....... Tilbake er dei gode opplevingane og dei koselege stundene saman med nære og kjære....minnar som vi gøymer djupt inni hjartet ...... Sjølv om kvar ein krok vart litt mørkare, ligg lysare tider framfor oss, med nokre minutt mer dagslys kvar dag :0) Den vakraste årstida bankar forsiktig på døra om ikkje lenge, og alt vaknar til liv - sakte..... men sikkert...... Grøne blad, kvitrande fuglar og herlege lukter vil vitne om nye undre..... for ei herleg VERD.

Havlengt -

Det glitrer av sol i den bratte grend,
det dufter av mark og enge.
Hvor skulle vel våren ellers hen?
Vi venter jo på den så lenge.
Jeg elsker den vår som du knapt kan se,
en blomst som sprang ut i den kolde sne!

Eldar 2005 057

 

Ein lengt stig mot havet, mot fjordvikar blå
der solvinden leikar med krusbylgjer små
og småbåtar duvar ved strender og sund
med blafrande segl i ei kveldsfreda stund.

 

Eldar 2005 051

Der midt mellom strandnelliktuver og skjell
det tonar frå sjøvaska terner og tjeld
som lokkar på ungar på inntørka tang
og hyller sin skapar med jublande sang.

Nikon D 80, August 2008. 5. 1 022

Langt ute bryt havet med brenning mot land.
Lengst inne det skvulpar så stille mot strand
og speglar ein himmel i blærer som brest,
mens solgullet blør seg i hav i utvest.

454

Dei skimrande skyer som haustfarga blad
sviv ør over djupet så svimrande glad,
snøgt skiftar og braglar i former som svinn
til nyskapt dei sviv bort med morgonyr vind.

Leif Bjørn Steinar Vestad

478

 

Alle bilete er tekne av Eldar Fjørtoft, og motiva er henta frå og rundt øya vår der ute i havgapet.

 

Ei herleg tid er i vente..... berre vi har litt tolmod.