torsdag 12. mars 2009

Garn i bøtter og spann og noko attåt 0))

image

 

Fyrst av alt... TUSEN TAKK til alle dokke som la att koslege og støttande helsingar på forrige innlegg.

Set veldig stor pris på det..... så her er ein bukett blåveis til kvar og ein av dokke:0))

Det er forresten min favorittblomst..... men ikkje lett å finne her på desse kantar.

image 

Forrige helg var eg ein snartur til Molde, rosenes by......

og der, midt i hovudgata, kom eg over ein strikkekafè............

Midt i blinken for meg.

Her sat strikkeglade damer OG menn side og side med kaffikoppen og kakestykke.

Utveksla mønstre og erfaringar, og strikka nokre maskar inimellom kaffisupane.

Heilt tilfeldig at eg gjekk innom her, skulle berre ha meg eit målband.....

men enda på eit bord fullt av hyggelege menneske som gladleg serverte meg både kaffi og kake og lurte på kvar eg kom frå....

image

Det skal seiast at det ikkje var berre målband som låg i nettet når eg gjekk 1 time seinare:0))

Men når det var 30% på alt garn til dei som var på strikkekafè.......

då berre slår du til......

 006

008

005

Så her er mykje godt arbeid :0))

Og medan lyset brenn i lykta.....og husbonden dro på trivselsserien i Bowling,

014

Har eg starta på VM lua til Line i NRK.

Lilla... Hmmmm, kanskje ikkje min farge men.......

Mønster har eg funne inne hos Lille Rosin

015

Ha ein super kveld der ute

Snart Criminal Minds her i huset.....