onsdag 25. februar 2009

Nye variantar

 

Picnik collage43

 

Medan Ski-VM har rulla på skjermen og vi har henta heim mykje edelt metall,

har eg..... i takt med stavtaka.......

laga ein ny variant av flettaskjerfet og lua som eg viste i eit tidlegare innlegg:0)

008

Lue er ikkje mi greie......

men panneband går til nød ann :0)

Strikka berre nedre del av lua og hekla rundt kanten.

Tilpassa og sette på ein hjarteknapp.....

likar desse knappane eg....

011

Skal eigentleg vere knapphol i skjerfet......

men eg valgte å droppe det....

Brukar ei hjartenål som "knapp"

Då kan eg regulere korleis eg vil ha skjerfet :0)

Skerfet er strikka i dobbel tråd med Chiri frå Du store Alpakka.

Dobbel tråd også på pannebandet....

men blanding av Chiri og Faerytale.

Oppskrifta til dette settet finnast i heftet

Maskerader nr. 1 frå Du Store Alpakka.

Stort smil frå meg

lørdag 21. februar 2009

Venner for livet............

Picnik collage42

 

Då Silje dro til Dallas, Texas for 1,5 år sidan, var spenninga stor,

viktig med eit sosialt nettverk når ein er så langt heimafrå.

Korleis.... Kven... Kva.... mange spørsmål skulle ha svar.....

Og dei fleste av dei blei besvart av JESSA....

ei anna solstråle som har blitt Silje si aller beste venninne på Southern Methodist University.

Og i sommar kom Jessa saman med kjærasten sin, Alex, på besøk til oss her i Ørsta.

Ei veke med mykje moro, flotte turar og eg vart engelskspråkleg 24/7  :0)

Eit fantastisk ungt par med stor omsorg for andre.

Eg er så glad Silje har slik ei fantastisk venninne :0))

 

 125

 

Men tida saman på SMU går mot slutten.....

Jessa og Alex er ferdig med 4 års studie og er klar for arbeid  i Afrika!

Men før det........

Picnik collage41

 

ringer bryllupsklokkene .....

7. juni er det bryllup i byen San Antonio i sør-vest Texas.....

Og Silje skal vere BRUDEPIKE :0)

So no er jentene på jakt etter dei perfekte brudepikekjolane......

Og ikkje nok med det......

Men eg og husbonden er også invitert......

Utruleg.....

Så vi får sjå kva vi kan få til :0)

062 (2)

 

Tre gode vennar som har funne kvarandre på tvers av kontinenta.....

VENNER FOR LIVET

091 (2)

torsdag 19. februar 2009

Ut av skuggens dal......

085

Idag skulle det skje.....

vi skulle kome ut av skuggens dal......

og inn i varmen......

Kjenne livgivande strålar......

Sjå lyset......

om enn berre i nokre minutt.....

124

Du har vore borte lenge.......

og vi har telt dagane.......

I byrjinga av november dro du......

og vi viste det vart tungt.......

vi har sakna deg kvar einaste dag.....

Rainbow 

Vi har sett deg på andre sida av fjorden.....

Der du har leika og breska deg....... 

gitt varme og glede.....

Oss har du ikkje ofra ein tanke......

men vi har ikkje gløymt deg.....

116

 

Idag var det vår tur....

Og vi skulle hoppe av glede....

men du klarar ikkje å få av deg det tunge grå teppe.....

Eg veit du prøver......

Du kjære livgivande SOL.

Lill 19.2.09

Nikon D 80, August 2008. 4. 4 005

onsdag 18. februar 2009

VI HAR 4 VINNARAR :0))

 

Hipp hipp heisann ....... !!

image

Fyrst av alt....

Tusen tusen takk til alle som la inn helsing på jubileumsinnlegget mitt,

eg set veldig stor pris på dokke alle, anten du er bloggar eller anonyme :0)

 

Namnelista er klar......

002

og oppklippinga unnagjort :0)

003004

leitte fram arvegods frå ei svunnen tid....

klar for.............

009

OG VINNARANE ER.........

012

Bestemte meg for at den fyrste eg trakk skulle få Thermis...

dei andre tre få lommelestar men kven vann kva ????

 049

Monica i Monikas Liv :=) 

vann Thermisen,  håper den fell i smak min venn:0))

 032043036 

Brit med bloggen Lille Meg,

Linn i bloggen Linn eit menneskebarn

og

Tove i Tankar frå ein kvardag 

får kvar sine par med lommelestar.

Håpar dei passar :0)

Rettmessig trekning foretatt av Lill og Mimzy

Stort smil til dokke alle frå Lill

tirsdag 17. februar 2009

Skjerf og lue i flettamønster :0))

 

I eit tidlegare innlegg viste eg dette bilde av lue og skjerf som eg likte veldig godt.

Picnik collage40 

No har eg laga meg eit sett i kontrastfargar.

Picnik collage39

Kan ikkje vise lua på mitt hovud.....

då trur eg dokke ville ha blitt skremt...

Ein sak er klar....

Eg kler berre ikkje lue....

Forstår eigentleg ikkje kvifor eg strikkar det...

men... høyre liksom med til eit sett ......

men kjem ikkje til å bli brukt av meg.....

synd... for lua er fin den og har super passform.

 

Picnik collage38

 

Minner dokke på utlodninga mi...

Frist midnatt IDAG.

Heng dokke på....

berre legg inn ein kommentar på forrige innlegg:0)

Veit mange skal sjå Frustrerte Fruer.... ikkje blitt hekta på det eg...

men derimot CSI ..... krim.. det er tingen for denne dama.

God TV kveld til dokke alle

Smil frå Lill

søndag 15. februar 2009

EG HAR JUBILEUM OG UTLODNING .....LYST TIL Å VERE MED ? :0))

 

image

10 000  BESØKANDE SIDAN 24. SEPTEMBER 2008

 

Det er berre heilt utruleg....

10 000 besøkande   ARTIG...

... smilar over heile fjeset eg no...

Rart at noen er interresert i meg og mitt eigentleg

Men du kor kjekt......

Stortrivast med å vere bloggar eg...

Møter berre kjekke, positive og omtenksomme menneske her inne...

Alle har eit GOD-ORD på lager.

Tusen takk til alle som har vore her inne og gitt meg så mykje....

Så no blir det "KONKURRANSE"

eller trekning.....som det heiter :0)

Ingen fancy ting  eller kjøpte gåver....

berre heimelaga saker...

047049

Kunne du tenkje deg ein THERMIS eller...

044

"LOMMELESTER" ?

Kjekke å putte i lomma viss du skal på besøk...

Viktig med varme føter veit du..........

032 036 043

Legg att ein kommentar til innlegget innan tysdag 17. februar kl. 24.00

og lag ein link til sida mi inne hos deg.

Gamle eller nye vennar er hjarteleg velkomen til å delta:0))

og legger du inn som Anonym hugs å skriv e-post :0)

Trekning onsdag 18. februar

Smil frå jubilanten

lørdag 14. februar 2009

Skjerf og lue

 

Fletta skjerf og lue med hjarteknappar

Picnik collage34

 

For ei tid tilbake handla eg tråd og knappar på ein kjempekoseleg garnbutikk på Vatne som heiterTrådsnella.

Eg har starta å strikke settet på bilde, og er veldig spent. Det skal heklast 3 omgongar med fastmaskar rundt skjerfet når det er ferdig.

knappane er ikkje berre til pynt for her skal lagast to knapphol, då kan ein variere ... alt etter kva du skal ha det til.

Lua skal også lagast, så får vi sjå om det blir veske som matchar.

Heklekantane på skjerf og lue har ei blanding av Free Style frå Dalegarn og Misti frå Alpakka

Freestyle er brukt i både skjerf, lue og veske

På tide å få dette ferdig.....

079 068

For i dag kom det pakke frå Danmark og Geilsk strikdesign med garn og mønster til......

076

i ein herleg brunfarge.

Stor nøster.... 594m i eitt.og vekt på 50 gr

Det skal gå 4 nøster til dette toppstykket.............

FLORLETT.....

Smil frå strikkeline

fredag 13. februar 2009

Malin - Valentinesbarnet i familien :0))

 

Picnik collage33

 

I morgon på sjølve Valentinesdagen fyller Silje sitt fadderborn, Malin,

7 år.

Det er ikkje så ofte dei treffast no når Silje er i Dallas,

men dei hadde ei kjempekjekk nyttårsfeiring ilag.

Gratulerer så mykje med dagen Malin.

Vi er veldig glad ideg snuppa.

image

Stor klem frå Silje, tante og onkel

PS! Og eit lite MJAU  frå Mimzy

torsdag 12. februar 2009

Linoleumsterapeuten som la ned kosten........

 

I morgon ...i morgon... men ikkje i dag.....

Det var filosofien min igår......

Husvask, støvtørking og anna forfallent arbeid tek eg i MORGO.....

Og eg låg ikkje på ryggen og såg på lerka heller......

Garn og strikkeprosjekt lokka meir......

002

Men det fekk eg svi for idag.....

Vakna i natt potte tett, harkande og snufsande luska eg meg inn i stova med pledd, Ibux og Kleenex.....

Så vaskekosten har eg lagt ned...

og støvdottane dansar bort etter golvet saman med pusen... ho strevar med å nå dei att.....

mine gode forsetter er bytta ut med ulike remediar som kanskje hjelper ei tett og snufsande dame med lett raude kinn.

Nå skal det seiast at dei raude kinna ikkje er eit resultat av Blush påført med kost.....

men nokre irriterande bassiluskar ..... men kledeleg er det :0)

013

Kleenex med balsam og appelsiner

..... rekna med kleenexen får bein å gå på.....

Godt det var tilbod på LAMBI   image       på Mega i går......

003 006

Vatn i kokaren og te i posen.....

hjelpa er nær....

TRUR     EG

 

011 015 

Rooibush Fireside te - rik på c-vitamin og naturleg søt........:0)

Eg må ha kandis-stanga mi eg då....

012

C-vitaminar i "bruseform"

redd det er for seint....

001

Så no går eg frå å vere golvmasøse .......

til å massere vidare på bambuspinnane og gjere ferdig prosjektet...

026  025

Tusen takk til alle dokke som la att helsingar på forrige innlegg, eg set umåteleg stor pris på dokke alle skal vite :0)

Ein stor takk til Gerd i Steinbokkjen som delte denne nydelege utmerkinga med meg:0)

image

Hå ein snufsande og harkefri torsdag der ute :0)