tirsdag 30. september 2008

Stearinlystid






No som morgonane er mørke, tennes det mange lys her i heimen vår. Nytrakta kaffi, tente lys og ei kosestund med katten vår Mimzy er ein mjuk og flott start på dagen. Strikketøyet kjem også som oftast fram:) Alltid nokon som treng eitkvart. No Har eg hatt masseproduksjon av skjerf og luer i ulike fasongar som er sendt/skal sendast til lagvenninnene til Silje i Dallas, Texas. Kan vere kaldt der også, spesielt i januar og februar, men ikkje meir enn kanskje minus 1 -2 grader i korte periodar. Foreløpig har dei sommar og temperaturen er oppe i 30 grader midt på dag:) Herleg!!!

GIN RUMMY



Onsdagane er heillage her i huset. Då spelar vi GIN RUMMY saman med våre gode venner Anne Grethe og Petter. God mat eller kake, kaffi og litt snacks. Eg er ikkje den som vinner mest ( tapar vel heller tenkjer eg ), men det er ikkje det som er viktig, men å ha godt og kosleg lag. Ser fram til kvar einaste onsdag, og vi har ikkje skippa ein einaste! Når vi er her i heimen brukar vi sjølvsagt kort kjøpt på Southern Methodist University (SMU). I morgon er vi klare igjen. Jippi!!