tirsdag 20. januar 2009

KAFFIBAREN i mitt hjarte

061

       

 Eg berre elskar kaffi, denne brune drikken som duftar so godt... og som gir ei herleg oppleving i kvar ein slurk. Eg har smakt kaffi på utallege kaffibarar og kafèar, men ALDRI  fått den smaksopplevinga eg får på

KAFFIBAREN i mitt hjarte!

 

image     

   

 

Att med haldeplassen i Ørsta- i enden eller starten av gågata om du vil,  ligg eit gult ærverdig hus. Tek du i dørklinka der og stig over tersklen... er du solgt for alltid :0) Det berre strøymar mot deg, luktesansane dine går i spinn og munnen fyllast med vatn....... skuldrane berre senkar seg og du får slik ro i sjel og sinn.........

image

Kvar eg er?  Jau, eg er på kaffibaren i mitt hjarte - FUGL FØNIKS :0)

Bak disken står det eg vil kalle verdas beste vertskap, Randi og Helge. Alltid eit hyggeleg ord på lager, og levande interressert i korleis Silje har det i Dallas.  I disken kan eg berre velge og vrake frå Konditor Trine sine smakfulle kunstverk, og

Barista Randi sine  velduftande drikker. 

Her føler eg meg heime :0)

 image  image

 

Brownie og varm sjokolade Mmmmm....... eit absolutt MUST for Silje når ho er heime

image  image

 

medan ho mor.... altså eg..... elska dobbel Americano og Gulrotkake med valnøtter,

eller ein Caffè Mocha  og eit stykke DRAUM

image

Kan det bli betre.............. eller kanskje du vil ha litt lunsjmat før desserten?..... Kva med: Focaccia m/salat, tomat, skinke, ost, pinjekjerner, rosmarin...

eller ein

Blings  m/salat, tomat, agurk, paprika, gulrot, brie.

Kanskje foretrekker du

Flaguette m/oliven, soltørka tomat, skinke, pepperoni, mozarella, provencekrydder?

Valet er ditt.... men ein ting er sikkert.....................

Du blir ikkje skuffa :0)

image   image

image

Når veret blir varmare og eg kan sitte i SMUGET og nyte kaffi og noko attåt er det ikkje vanskeleg å drøyme seg vekk til trange gater i ein av Europas mange byar.

 

image   image

FUGL FØNIKS har starta på sitt 5 år, og eg berre gledar meg til forsettinga.

Går du inn på heimesida :   http://www.fuglfoniks.no/ finn du alt om menyar, kaffi og ikkje minst menneska bak :0)

Alle bileta er brukt med løyve frå http://www.fuglfoniks.no/

image

Håpar vi sjåast der :0))