mandag 29. desember 2008

Ei stjerne skinner.......

015

Vi har hatt ei fantastisk JULEFEIRING saman med solstråla vår. Ord kan ikkje beskrive kor godt det er å ha ho heime ei stund...... Ho har lyst opp heimen som ei stor funklande stjerne......... men dagane berre fyk so altfor fort, og 13. januar sit ho på flyet tilbake til Dallas. Det vil bli eit stort sakn og returen tilbake til Ørsta er ikkje før 15. juni. Fem og ein halv månad utan smil og latter i veggane frå ei hjartegod og herleg datter blir tungt å halde ut. No berre nyt vi dagane saman, og i kveld går ferden til Øya vår, Fjørtofta, der vi skal feire Nyttår saman med besteforeldra til Silje, ........men før det står ei treningssamling på Dimna for tur :o)

059

 

Smil i romjula frå Lill