søndag 16. november 2008

Når draumar blir knust og håp brister.......

Gir alt

Du er lyset og solstråla i livet mitt, og du gir meg så uendeleg mykje glede. Mammahjartet lyser av stoltheit over alt du gjer og korleis du er som medmenneske og dotter. Pågongsmotet ditt og vilja til hard trening er imponerande, og dei flotte prestasjonane du gjer på skulen og på idrettsbana  gjer meg så uendeleg glad og stolt.

Når du er trist og lei deg, er eg det også, for eg ynskjer at du berre skal ha gode dagar. Eg  gret inni meg kvar gong du er trist og har det vondt. Slik som igår..... skulle så gjerne vore å trøsta deg.

Draumen og håpet ditt brast, og du var så uendeleg skuffa. Vi viste du ikkje var heilt bra etter ti dagar med influensa ,men du stilte likevel opp for laget ditt og sprang dei 6 km slik at dokke kvalifiserte dokke til 

DET AMERIKANSKE   MEISTERSKAPET.

Sjølv om det ikkje gjekk slik du hadde draumt om, kjem det nye sjansar om 9 dagar:)

Dvel ikkje ved dagen i går,  men sjå framover. 

Eg vil alltid  vere der for deg. og i mine auge er du alltid ein vinnar:))

035

Deiligst av alle gleder

er gleden for slett ingen ting.

Ikke for noe du kan eller vil,

gleden for intet

og gleden for alt.

Gleden fordi DU er til.

Axel Juel

Veldig glad ideg jenta mi.