lørdag 21. februar 2009

Venner for livet............

Picnik collage42

 

Då Silje dro til Dallas, Texas for 1,5 år sidan, var spenninga stor,

viktig med eit sosialt nettverk når ein er så langt heimafrå.

Korleis.... Kven... Kva.... mange spørsmål skulle ha svar.....

Og dei fleste av dei blei besvart av JESSA....

ei anna solstråle som har blitt Silje si aller beste venninne på Southern Methodist University.

Og i sommar kom Jessa saman med kjærasten sin, Alex, på besøk til oss her i Ørsta.

Ei veke med mykje moro, flotte turar og eg vart engelskspråkleg 24/7  :0)

Eit fantastisk ungt par med stor omsorg for andre.

Eg er så glad Silje har slik ei fantastisk venninne :0))

 

 125

 

Men tida saman på SMU går mot slutten.....

Jessa og Alex er ferdig med 4 års studie og er klar for arbeid  i Afrika!

Men før det........

Picnik collage41

 

ringer bryllupsklokkene .....

7. juni er det bryllup i byen San Antonio i sør-vest Texas.....

Og Silje skal vere BRUDEPIKE :0)

So no er jentene på jakt etter dei perfekte brudepikekjolane......

Og ikkje nok med det......

Men eg og husbonden er også invitert......

Utruleg.....

Så vi får sjå kva vi kan få til :0)

062 (2)

 

Tre gode vennar som har funne kvarandre på tvers av kontinenta.....

VENNER FOR LIVET

091 (2)