fredag 17. oktober 2008

Mi heilt spesielle mormor......Helena

Ytterst ute på den nakne ø har eg nokre av mine kjæraste eigendelar. Dei kjem frå ei svunnen tid då mormor var ei ung dame, einsleg forsørgar med to born - mi kjære mor 3 år, og høgt elska onkel 4- dei budde i storbyen Oslo og var usikker på kva framtida hadde å by på. 015

Ho gjorde eit stort offer og eit heilt spesielt val då ho pakka Amerika-kofferten og dro med båten til USA. Heime hos besteforeldra budde mamma og onkel i heile 2 år. Dei dreiv ein liten gard ved Østensjøvatnet på østkanten av Oslo. Oldefar laga kjøkenredskap som dei selde på torget i byen utanom gardsdrifta. Året var 1919 og det var tronge kår. Det var spennande tider på den vesle garden, for dersom mormor fann seg til rette ville ho sende bod på dei to borna sine. No skulle det ikkje gå slik...... mormor kom heim etter to lange år, traff han eg kalla for bestefar og busette seg med born og mann på Vålerenga i Oslo. Mormor var ei spesiell dame med stor omtanke for dei som ikkje hadde det så godt. Eg hugsar så vel frå eg var lita då eg og mormor gjekk over vegen til gamleheimen med flotte påsmurte snittar og nytrakta kaffi. Det var fast rituale ein fredag i månaden. Ho tok heim dei med lite ressursar, ga dei mat og kle og eit varmt bad. Eg hugsar ho sa; " eg veit korleis det er å sitte trongt i det".

 

002 (8)003 (8)021 (3)Som mor så son - og 26. januar i 1950 seilte Den Norske Amerikalinjen ut frå kai i Oslo med onkel ombord. Han var borte i 4 år før han kom heim. Og det er eigendelane til mormor og onkel som "fortel" denne historia, reisene dei var på, tinga dei hadde med heim og historiene dei fortalte til meg monge gonger - eg vart aldri lei - var så spennande og annerleis . 012 (4) 020 (3)006 (7)

004 (7)

hand i hand formiddag laurdag var min og mormor sin dag. Då gjekk vi hand i hand ned til sentrum av Oslo og på kafè. Ei like stor oppleving kvar gong. Det var slik ei vidunderleg tid.

... eg håpar at mormor har påverka meg gjennom sine historier og veremåte, for som det seiast:

 Alle bærer vi vår barndom med oss....

                    og den varer i generasjonar        

Blogg til bry og glede:))

Dette er BERRE ikkje likt meg..... klokka visar 01.00 og eg er framleis oppe!!!! Blei så sur på at alt eg la ut på bloggen ikkje kom fram på andre sine bloggar ( krøkkete sagt... men SANT) No har eg fiksa det.. JIPPI. Gi meg gjerne tilbakemelding dersom dokke no ikkje ser bilder og diverse. God natt frå meg37