fredag 16. januar 2009

 

Blir du med på feiringa ?

image

 

Tove i Tankar frå ein kvardag har 1 års JUBILEUM  og jubileumstrekning .

Her er kva ho skriv på bloggen sin:

"No håper eg du vil vere med og feire jubileumet mitt! Bloggen min er ein kvardagsleg og enkel arena, der dei små augeblikka har stått i fokus. Som mange har fått med seg, er eg oppteken av å sjå det store i det små - å kunne glede seg over det enkle. Eg er overtydd om at vi alle får eit rikare liv om vi berre klarer å verte flinkare til å verdsette det enkle!

Alle som legg att kommentar på dette innlegget fram til midnatt 20. januar, vil vere med i trekninga av to flotte premiar! Både bloggarar, blogglause og anonyme kan vere med (dei anonyme må sjølvsagt legge at namnet sitt). "

Flotte premiar har ho også:0)

Ei rykande fersk bok med dikt og foto av Turid Skjelten frå Brattvåg

Ei bok skriven av Gunnhild Øyehaug som kjem frå Ørsta.

Gå inn på Bloggen hennar og sjå  :0)

Eg er med......... ER DU?

Klem Lill         

Utmerkingar..... te mæ :0)

Line i Kvardagsliv i Storemyra :0) du og du..... kor glad er ikkje eg for at eg har blitt kjent med deg. Du er raus og godhjarta Line. Du har flotte haldningar og gode verdiar.

STÅ PÅ kjære venn!!!!

Eg takkar og bukkar  

Og dokke....... her er dei :0))

image

Den herlege utmerkinga "Mammablogg" sender eg berre rett til alle dokke Mamsebamser her inne. Ta den med dokke HEIM,  for du veit vel at Mamsebamser er Gull verdt.

image

Astrid i Frå eitt A4-liv  :0)

Janne, min kjære og gode nabo ute på den vakre øya vår

Utmerkinga med hjarte på rette staden sender eg til dokke,

tusen takk for varmande og støttande ord:)

Ha en flott fredag og nyt dagen..... den kjem aldri tilbake.

Klem frå meg