onsdag 14. oktober 2009

Oppdatering frå Dallas, Texas

2368009

 

Silje har vore tilbake i Dallas, Texas sidan 20. august.

Etter VM i Berlin vart det ei god treningspause,

før oppkjøringa til terrengsessongen no har starta.

Godt med ei kvileperiode når sesongen har vart

godt over eitt år!

maltipo lauren kuhner

Silje har funne seg ein ny "venn" i hunden Brady:0)

Var reservemamma for denne hjarteknusaren ei heil helg.

Akkurat no har ho trenar Magne Wullum på besøk,

som overvakar treningane kvar einaste dag.

img_2427_55843149

Kvart år blir det tatt nytt lagbilde,

og her er årets MUSTANGS :0))

Silje (øvst til venstre) har vore på laget lengst,

elles er dei no 4 frå Noreg, 2 frå Sverige og resten frå ulike

statar i USA.

f_33659944_1 Mockingbird_Station jpg.ashx 

Silje har flytta ut av Campus.

No slipp ho å sove, lage mat, ete og gjere lekser i same rom.

Men ho bur berre eit steinkast frå Universitetet.

Kjempeflott leiligheit som ho delar med ei venninne.

Godt å få litt meir plass:0)

mockingbird_station_lofts

På taket er det stort svømmebasseng som er oppvarma heile året, pluss treningsrom.

Eg er så uendeleg glad i solstråla mi

og savna ho så utruleg mykje og berre teller ned til 18. desember,

Smil frå mamma`n til Silje