fredag 31. oktober 2008

Mission completed:)

042047 041

Då er fire ny skjerf og luer  ferdige til å sendast over dammen til Siljes gode lagvenninner på Southern Methodist University....... fire sett er allereide på plass i Dallas. Her har eg brukt Vikinggard og Ara. Alt i rein ULL.

057058  053

059 044052 

061 051 

STRIKKING ER REIN TERAPI SPØR DU MEG :))

 043 054 055

 

Eit lite middagstips på tampen:)

009013

 

Ei pakke De Pedro Bacalao.

Tilsett olje, poteter i skiver, løk,

tomatpure, salt, pepper og litt

Piri Piri krydder.

002004

Sim-sala-bim.... og du har nydeleg middag på 20 minuttar. Serverast med loff eller kvitløksbaguetttar:)

Ha ei super helg:) Eg drar til øya for avslapning og velvære:)

onsdag 29. oktober 2008

Fenomenet  Halloween.............

Halloween

Vi nærmar oss 31. oktober og butikkane er fulle av kostymar, lykter, skremande masker og anna tilbehør. Halloween-feiringa er ei ganske ny "hending" her heime, og "KNASK ELLER KNEP" ........ "TRICK OR TREAT"

kjem til å høyrast når vi opnar døra. Har vi litt snop i bakhand..... eller vel vi å stå over...... Likar vi dette "nye" fenoment ... eller ikkje..............   Det er opptil kvar og ein.

 

 

 

 

 2007-10-31 - halloween Forløparen for Halloween er opprinneleg ein eldgamal, hedensk skikk. Den keltiske festivalen Samhain i England og Irland blei feira 31. oktober, som var nyttår i både keltisk og angelsaksisk tradisjon. Det var rekna som ein farleg natt, og då brann ein store bål på bakketoppane for å skremme bort dei onde åndane. Denne dagen kom gjeterane tilbake frå beite, og lovar og eigedomsfeste blei fornya.
Dei dødes sjel skulle kome å besøke sine tidlegare heimar på denne dagen, og ein starta å bruke nifse symbolar – spøkelsar, heksar, svarte kattar og alle slags demonar. Folk kledde seg slik dei trudde overnaturlege vesnar såg ut, for å lure dei bort. Det vigtigaste var å  blidgjere dei overnaturlege kreftane som styra naturen.  Denne kvelden var den beste  for å spå om ekteskap, lykke, helse og død.

Også i Norge var det knytt forestillingar om overnaturlege hendingar natt til 1. november. Dersom ein hugsa draumane ein hadde hatt denne natta, ville dei bli sanne............ 

 

image

Halloween er også kvelden før Allehelgensdag 1. november, og  dagen har tradisjonar her heime. Den blei kalla helgemesse eller aldermesse og var merka av på primstaven som minnedag for helgenar som ikkje hadde fått sin eigen dag. Den feirast på ulike datoar: I den romersk-katolske kyrkja blir dagen vanlegvis feirea 1. november, og datoen blei fastsett av pave Gregor IV på 800-talet. Tidlegare blei allehelgensdag feira 13. mai, og i den gresk-ortodokse kyrkja feirar dei dagen fyrste søndag etter pinse.
I Norge, både i statskyrkja og i Den katolske kyrkja, er allehelgensdag lagt til fyrste søndagen i november som ein festdag til minne om dei døde – for den katolske kyrkja til minne om helgenar og martyrar.

Ein  skikk som fortsatt praktiserast i Norge, er å stelle gravene til sine kjære, legge på krans og sette ut lys denne dagen.

vinternattAllehelgensdag har vore ein merkedag også når det gjeld veret. Monge stadar blei dagen rekna som fyrste vinterdag. Det var også ein dag som ga varslar for den komande jakta. Dersom jakta gjekk bra 1. november ville det bli eit godt jaktår. Dersom det regna ville det regne i 7 veker framover. Nokre stadar heitte det at dersom sola skein så lenge at du rakk å sale hesten, ville veret bli fint i det komande året. Til allehelgensdag skulle vinterbrødet vere baka, og det var no du slakte sau.

Om du vel å tru på draumane du hadde om natta - eller har skåla full av snop  klar ved inngongsdøra......eller kanskje Ja takk, begge delar..... ynskjer eg deg  EIN FLOTT DAG :))

mandag 27. oktober 2008

UTMERKINGAR TIL UTDELING :)

 

image

Denne nydelege utmerkinga fekk eg av Anne Grethe i forrige veke.  Den er så skjønn og det er ho som har laga den må vite:) Nå er det på tide å sende den vidare etter at eg har hatt den litt for meg sjølv ei stund:)

Tusen takk til Astrid i Eit A4-liv for koselege kommentarar:) Kjekt å bli kjent med deg, og lykke til på jobb - køyr varsamt ;)

Så til Line  i Kvardagsliv i Storemyra for alle fine kommentarar du gir meg, setter veldig stor pris på det.

Monika i Monikas liv skriver så skildrande om Bamse, hunden dei eingong hadde. Tusen takk for hyggelege kommentarar Monika:)

Brit i Lill Meg denne er til deg:) Alltid kjekt å besøke bloggen din. Tusen takk for koselege helsingar frå deg.

Stine i Velkommen til familien Fjørtoft fortenar denne:) Tusen takk for at du gir meg det ærefulle oppdrag å vere fadder til Celine om 14 dagar. Gleder meg veldig til det:)

fredag 24. oktober 2008

MITT  LILLE LAND ........................

33 BLOGGLANDIA... har smakt litt på det ordet ei ri....... Friplass?  Drømmeland? "Tilfluktsrom"?  BLOGGLANDIA......hmm..... Eit nydeleg LAND og det er hit eg drar når eg er rastlaus og er trengd for selskap, når eg vil sjå kva dei andre "innbyggarane" styre med, eller berre for å sjekke om nokon har "snakka" med meg idag:) Setter meg foran maskina og glaner og trykker i veg.

24

...... utan tanke på korleis eg ser ut..... Det er det som er så flott. Her kan eg sitte og "snakke" med bloggvenar utan både sminke og anna stasj:) ... utan tanke for kva eg har på meg eller korleis huset ser ut..........      betyr ikkje det dugg:)

1918 

Her er eg meg sjølv på både godt og ondt, og her blir eg akseptert for den eg er! Kan berre la orda renne inn i BLOGGLANDIA vel vitande om at nokon "høyrer" meg:) Det er ikkje alltid at orda som kjem ut blir flotte bilder, men meininga er der.........

23

..... og bloggvenane mine forstår kva eg meinar. Og i løpet av berre knappe to månader har eg fått mange i BLOGGLANDIA. Lett å bli kjent med andre her:)  Nokre få klikk på den optiske musa gjer underverkar .....

16

og vips har du fått ein ny ven:)) Her inne er lett å gi ROS, her er ein hyggeleg tone og her er snille innbyggarar:) Og det er slik eg vil ha det - både her og elles. Så ser du meg inne i bygda ......nøl ikkje men sei HEI:))

27

10 

Her skal eg kunne uttrykke mine tankar og meiningar , dele dei med venane mine med godt samvit:)  Le og gråte og berre vere meg sjølv:)Eg stortrivast her i BLOGGLANDIA og har tenkt å busette meg fast:) Det er takka vere Anne Grethe og  Stine at eg fekk augene opp for dette flotte fenomenet:))

20

6

Tusen takk for mange koselege og hyggelege kommentarar - både om kvardagstankar, dilledallerier og  om solstråla mi Silje. Setter umåteleg stor pris på det:)

37Ynskjer dokke alle ei avslappande helg.

Klem frå Lill

 

 

 

torsdag 23. oktober 2008

GÅVE og handletur på Misjonsutsalet for gjenbruk i Ørsta :)

2

Tusen takk Anne Grethe for den nydelege skåla med lokk eg fekk av deg igår :)- og eg har ikkje bursdag eingong.

Vart så utruleg glad, den skal fyllast med NAMMIS ....... No står ho å pryder bordet mitt.   

1

Idag stakk eg innom Misjonens Gjenbruks butikk her i Ørsta. Sjelden eg er der, men den som leiter han finn :)) .....og eg fann forskjellig som var rett så vakkert:)

3

008

To flotte fat og eit mindre pluss ei sultetøyskål med "hengande" skjei - og det til slikk og ingenting.Pussemiddel, såpevatn og ei mjuk fille gjorde underverk på "skattane". No står dei så fint og skin med lys på..... ein treng slett ikkje berre ha nymotens dilledallerier:) Anbefalar ein tur innom der - ein veit aldri kva ein finn.

5

6

 

Ha ein vidunderleg torsdag.... og hugs..... DET ER SNART HELG :)

onsdag 22. oktober 2008

Tusen takk for den SØTASTE award nokon sinne :)

imageBerre sjå............ den søtaste award eg har sett OG DEN ER MIIIIIIN, tenk det dokke.........

Fekk den med ANNE GRETHE sidan ho har hatt trøbbel med HTML kodane sine ....:)) og eg ikkje kunne hjelpe :) Ja, hørte riktig - men har prøvd då, utan særleg hell.

Men i kveld skal vi opp til The World of Sandnes og spele kort slik vi brukar kvar einaste onsdag:) Jippi.

 

Silje kåra til vekas utøvar i C-USA

 

Silje Japan I går kveld vart Silje kåra til vekas utøvar i noko som kallast for Conference USA. Det vil seie at ho var beste terrengløpar blant 8 universitet i 12 statar i beste divisjon.  Det er ei presisjefylt utmerking å få, både for Silje men også for universitetet ho løper for. Det er andre gong Silje får denne utmerkinga i løpet av fire veker.  Skulle så gjerne ha vore der..... men no har  vi fått endra heimreisa til Silje så ho kjem 5 dagar før. 10. desember kjem jenta mi heim, og då får ho 5 veker i Ørsta før turen går tilbake til Dallas. Gjett om eg gleder meg...... pynte til jul saman og bake:) Skal bli KOS.

Men før det kjem hovudtrenaren for laget til Silje, Dave Wollman,  på besøk hit til oss :) Så no er berre å slipe engelsken og la det stå til........ Have a nice day and take care :))

tirsdag 21. oktober 2008

Eit fantastisk skue ....

beste tegnbue

Eit fantastisk skue over Ørsta i går ettermiddag. Mellom regnbygene kom sola brått fram og skinte ein augenblink på sentrum av bygda vår. Byggningane ved hamna var skinnande kvite, og regnbogen gjekk rett til himmels over Suadehornet. ...der var ikkje berre ein men TO!

055 

Fra regnbuens gate en hilsen er sendt.
Høstløv i parken kommer ned fra en venn.
Eksplosjoner i farger mitt øye får se,
Høstens inntog gir så mye, mye mer.

enkel regnbueNaturens undre sluttar aldri å imponere :))   

søndag 19. oktober 2008

Silje  -  my amazing daugther :))

Silje på Chili pepper festival 18.10.2008 Har akkurat snakka med jenta mi:)) Ho har vore og konkurrert igjen denne helga, og denne gongen gjekk turen til byen Fayetteville i staten Arkansas. Her gjekk det tradisjonelle "Chili Pepper Festival"  av stabelen for tjuande gong:), og Silje sprang 6 km terrengøp på ny personleg rekord!!!!!

Det var ei glad og fornøgd jente som ringte heim til ho mor i kveld. Etter ei veke med etterverknadar frå ei matforgiftning, sprang silje gull smuho in til 4. plass av totalt 306 deltakarar:) Ho var  39 sekund betre enn ifjor i same løypa, så jenta mi var storfornøgd ho:)) No ventar to veker med hard trening før neste store meisterskap går av stabelen i Memphis, Tennesee.

Her er ein link til Universitetets side;

http://smumustangs.cstv.com/sports/w-xc/recaps/101808aaa.html 

Er veldig stolt av deg SILJE :)) 

 

lørdag 18. oktober 2008

UTFORDRING :))

Mi gode venninne Anne Grethe ga meg ei utfordring ....... å velge ut fem bøker som er til inspirasjon, nytte og hygge for meg... og eg som ikkje er nokon lesehest i det heile tatt.- men gjer eit tappert forsøk likevel. Riktig nok har eg ei bokhylle....... men er ikkje på besøk så ofte der nei -Her er dei fem bøkene - sirleg plassert på bordet:) men når sant skal seiast er dette fem bøker

det knytter seg gode minner og mykje hygge til:) 

020

              • Sigrid Undset                   Kristin Lavransdatter
              • Mina Thiis                        Desserter, kaker og konfekt
              • Edith Holden                              Naturdagboka         
              • Maxwell                                        Vår Kristne Arv      - 
              • Beate Muri                       Oslo - byen slik den var 

 

001Sigrid Undset er bøker som skal vere i ein kvar heim brukte mormor å seie, og ho hadde monge..... og det er dei bøkene som står i mi bokhylle. Mormor leste mykje og fortalte ofte om bøkene ho las. Eg var svært fasinert av Kristin Lavransdatter, og den serien las eg fleire gonger.

Er inne i ei slik "mormor mimre fase"  for tida :)

014016Mina Thiis si kokebok er limt opp til fleire gonger og har gått i arv fra mormor til mamma til meg:) Det er denne eg brukar når eg blant anna bakar småkaker til JUL. og dei blir god.............. Boka er flittig brukt og notatane er ofte til god hjelp. Berlinerkransane nam.....:)

 

 

023024025I mine unge dagar likte eg svært godt å teikne, og  blomster og dyr var det kjekkaste:) Denne Naturdagboka av Edith Holden, har mange flotte bilete og ikkje minst dikt om dei ulike månadane og årstidene.

For oktober står det blant anna:   

 Vinternatt maa du vente mig

fyrebod kommer eg visst,

og kommer jeg ikke før helgemess,

da bøier jeg bar og kvist. 

 

010013Boka "Vår Kristne Arv" av Maxwell fekk eg i 1964 av mormor. Den boka er lest frå perm til perm monge gonger, og bileta fasinerte ei jente på 12 år:)

Mormor las ofte frå denne boka til meg om kvelden når eg hadde lagt meg, og ofte berre såg vi på bileta og mormor fortalte historia bak.

Gode borndomsminner :)

 

Den siste Boka - OSLO -  byen slik den var av Beate Muri, er ei bok om

"gamle Oslo" og korleis det såg ut der. Eg har trått mine bornesko på Vålerenga, og tek eg ein tur dit idag vil eg ikkje kjenne meg att! Men i 004boka kan eg "vandre" på gamle stier og tenkje tilbake på når eg leika i desse gatene mellom dei små trehusa:) 

005

 

 

 

Takk for at du vandra saman med meg i borndomens bokrike :))