torsdag 29. januar 2009

Seattle... here you come

Solstråla mi på tur til Seattle.

Idag drar Silje frå Dallas til Seattle, ein flytur på 4 timar vestover. Avstandane er store ( berre staten Texa er dobbelt så stor i areal som Tyskland ) og tidsforskjellen heim endå større. Seattle ligg 9 timar bak oss !!

map1_seattle

Men ho vil få ein fantastisk SKYWATCH dersom veret er klart. Silje har aldri vore her før, så eg er viss på at det blir ei stor oppleving :0)

image image

Ein del av byen Seattle er som eit "lite Noreg", med norske butikkar, restaurantar og ting og tang elles. Det er meininga dei skal ha seg ein tur dit, sidan dei har laurdagen fri. Tenkjer Sola mi kjem heim med brunost kjenner eg ho rett :0)) Dei har eigen nettstad : http://inballard.com/, ta deg ein tur inn og sjå :0)

Men det er sjølvsagt ingen ferietur.........

Silje skal delta på 5000m i eit stort innandørsstemne i Seattle. Det blir eit hardt felt, med fleire av dei beste univeristetsløparane i USA. Løpet går 19.00 fredag, Seattle tid, noko som vil seie 04.00 laurdag morgon her heime.

Då kryssar eg fingre og tær pluss armar og bein :0)

Det er viktig å ha tru på det ein gjer og ha mål og draumar ....... som Elanor Roosevelt ein gong sa:

"The future belongs to those who believe in the beauty of their dreams"

http://www.simpletruths.tv/movies.php?movie=DRMS ta deg 3 minutt og nyt denne........

 

Maureen Weiner, diktar frå Australia seier:


DREAMS are whispers from the soul.

image

We have a dream inside ourselves,

A gift to us at birth,

To guide us and protect us

On our journey on this earth.

030

We all have something special,

Each one of us unique

You have to find the courage

To find the peace you seek.

010

So dream your dream and live your dream

Don't be afraid to try.

just take your soul by the hand

And let your spirit fly.

322

Er så uendeleg stolt av deg jenta mi.

Smil frå mamsebamsen

Ingenting er så vakkert som roser

Ei tindrande kvit rose til meg  :0)

image

Då har eg blitt forært ei vakker kvit rose frå Randi i nettopp bloggen Kvit Rose. Dama frå den vakre Ø har akkurat starta med bloggen sin og det skal bli kjekt å følge deg vidare :0)

Og til dokke som endå ikkje har vore der på besøk....... ta ein tur då vel :0)

Tusen tusen takk for utmerkinga Randi :0)

Smil frå meg

onsdag 28. januar 2009

Vennskap.......

Vennskap -  ei sjeldan gåve........

Mykje er sagt og skrive om VENNSKAP her inne i Blogglandia.......

På mi vandring i ein bokhandel såg eg dette kortet.......

Hva er ein venn?

Diktet har heilt sikkert vore blogga før hos andre,

men eg klarte ikkje å motstå bildet som var på framsida.....

Tre gode vennar saman.........

Eg synes å hugse frå barndomen at to var bra men tre gjekk dårleg.....

KVIFOR det eigentleg?

004

 

Resten av diktet går slik;

En venn vil alltid være der

når verden går av gjenge,

vil hjelpe deg og vere nær

og vite hva du trenge.

036

Som år og dager renner bort

står vennskap igjen.

Gjennom minners åpne port

vil du møtes med din venn.

ukjent forfattar

025

Så til alle her inne, TAKK for at du er en venn.....

utan at du eigentleg kjenner meg.....

veit kven eg er......

korleis eg er......

eller kva eg er.....

No har ein ny venn flytta inn her

image

 Randi i Kvit Rose

Ta ein titt inn til ho:0)

 

 

Smil frå Lill

mandag 26. januar 2009

Dilla :0))

Dilla på Thermis.......

Eg må berre innrømme det....... eg har fått DILLA PÅ THERMIS.

Var Anne Grethe i The world of Sandnes som prata om Thermis sist onsdag på kortkvelden vår...... og nyfiken som eg er måtte eg vite kva dette var: 0) Resultatet var sjølvsagt at eg kjøpte mønster på nettet og tråd på Stoffsenteret.........

Det er berre så kjekt å prøve nye ting.... og sidan eg er eit PINNEDYR...... det er det Nunne i bloggen hennes nunne seier vi er vi som er hekta på strikkepinner og tråd :0)) Gøy er det hvertfall...............

Picnik collage24

Smil frå PINNEDYRET

fredag 23. januar 2009

THERMIS

Då er min fyrste Thermis klar til bruk.....

Offwhite - Sandnes Alpakka med pinne nr. 4......

008 009

 

002 007

 

Eg valgte å vir dei rette maskane i vrangborden nede...... ikkje så lurt - blir finare, men strammare.

Vrangborden oppe strikkast fram og tilbake og der vrei eg ikkje, men den blei for laus synes eg, her trur eg det kan vere lurt å bruke tynnare pinnar 3 - 3,5, då vil den bli litt fastare.

Garnet er mjukt og "laust" i utgongspunktet, så eg trur det blir betre med eit "fastare garn. Skal prøve meg på ein til...... dene gongen brun i Garntypa PT 5 som har 80% ull og 20% nylon....

God fredag til alle som er innom

Utfordring til besvær....... og to ny utmerkingar, tusen tusen takk....

 

Fyrst til utfordringa......

Eg skulle gå der eg lagrar bilete på PC'n og  finne den 6. mappa med det 6. bilete og legge ut på bloggen min....... og fortelle historia bak

Lurte litt på kva eg kom til å finne her inne i den 6. mappa merka med 17. mai 2003. ...... men denne 17. mai må eg ha vore heilt på jorde. for her inne var det berre 5 bilete.... kva skjedde eigentleg den dagen?????     det er for meg ei stor gåte....

Nydeleg utmerking frå Line i Kvardagsliv i Storemyra, hjartans takk.

image 

The award is called 'The Marie Antoinette' a Real Person, a Real Award".

The rules are:
1. Link to the person who gave you the award
2. Nominate 7 more persons
3. Link the nominees and let them know about this award
4. Post the award on your blog

Skal gi den vidare til 7 innbyggarar her inne og det får eg prøve på.

Ta utmerkinga og utfordringa øvst i innlegge viss du vil :0)

Elisabeth i Oss alt- og ingenting

Gerd i Steinbokkjen

Laila i Olsenbanden

Stine i Familien Fjørtoft

Solveig i bloggen Ulla

Siv

Dagny i Heim

image

Dene søte karen har eg fåt av Kate i Shamines lille hjørne med litt av hvert, tusen tusen takk :0)

Den skal rett i postkassa til  Anne Grethe i The world of Sandnes.... ikkje utan baktanke :0) Ho har nemleg kjøpt eit blad med eit oppskriftshefte utanpå..... Mmmmmmmmm sjokoladekaker..... , og BY THE WAY..... denne dama KAN verkeleg bake!!     og kven veit...... kanskje eg får smake  :0)

Have a tasty Friday

torsdag 22. januar 2009

Blomsterglede til strikkefryd......

Picnik collage10   

Hortensia.......... vakkert namn til vakker blomst :0)

Picnik collage22

Har tenkt å slå meg på bølgen av strikkende bloggdamer som produserar THERMISAR an mass.....

Kjøpte mønsteret på nettet  og har starta produksjonen....

Ser ikkje dokke meg i den brune sofaen?..... med nykokt kaffi og rykande strikkepinnar....

Alpakka frå Sandnes..... eit mjukt og deileg garn, men er ikkje heilt sikker på om det er nok hald i det til dette.......

Time Will Show..............

Målet er ikkje å gjere ferdig denne saken idag,men eg får henge i stroppen :0))

Nyt tordagen med og utan strikkepinnar.

tirsdag 20. januar 2009

KAFFIBAREN i mitt hjarte

061

       

 Eg berre elskar kaffi, denne brune drikken som duftar so godt... og som gir ei herleg oppleving i kvar ein slurk. Eg har smakt kaffi på utallege kaffibarar og kafèar, men ALDRI  fått den smaksopplevinga eg får på

KAFFIBAREN i mitt hjarte!

 

image     

   

 

Att med haldeplassen i Ørsta- i enden eller starten av gågata om du vil,  ligg eit gult ærverdig hus. Tek du i dørklinka der og stig over tersklen... er du solgt for alltid :0) Det berre strøymar mot deg, luktesansane dine går i spinn og munnen fyllast med vatn....... skuldrane berre senkar seg og du får slik ro i sjel og sinn.........

image

Kvar eg er?  Jau, eg er på kaffibaren i mitt hjarte - FUGL FØNIKS :0)

Bak disken står det eg vil kalle verdas beste vertskap, Randi og Helge. Alltid eit hyggeleg ord på lager, og levande interressert i korleis Silje har det i Dallas.  I disken kan eg berre velge og vrake frå Konditor Trine sine smakfulle kunstverk, og

Barista Randi sine  velduftande drikker. 

Her føler eg meg heime :0)

 image  image

 

Brownie og varm sjokolade Mmmmm....... eit absolutt MUST for Silje når ho er heime

image  image

 

medan ho mor.... altså eg..... elska dobbel Americano og Gulrotkake med valnøtter,

eller ein Caffè Mocha  og eit stykke DRAUM

image

Kan det bli betre.............. eller kanskje du vil ha litt lunsjmat før desserten?..... Kva med: Focaccia m/salat, tomat, skinke, ost, pinjekjerner, rosmarin...

eller ein

Blings  m/salat, tomat, agurk, paprika, gulrot, brie.

Kanskje foretrekker du

Flaguette m/oliven, soltørka tomat, skinke, pepperoni, mozarella, provencekrydder?

Valet er ditt.... men ein ting er sikkert.....................

Du blir ikkje skuffa :0)

image   image

image

Når veret blir varmare og eg kan sitte i SMUGET og nyte kaffi og noko attåt er det ikkje vanskeleg å drøyme seg vekk til trange gater i ein av Europas mange byar.

 

image   image

FUGL FØNIKS har starta på sitt 5 år, og eg berre gledar meg til forsettinga.

Går du inn på heimesida :   http://www.fuglfoniks.no/ finn du alt om menyar, kaffi og ikkje minst menneska bak :0)

Alle bileta er brukt med løyve frå http://www.fuglfoniks.no/

image

Håpar vi sjåast der :0))   

mandag 19. januar 2009

Ein stor takk til Brit med bloggen Lille Meg :0)

image

Tusen tusen takk Brit for den nydelege utmerkinga du valgte å dele med meg. Blir alltid veldig glad for å få slike eg:0)

Har lyst til å dele den med to unge tauser ute i bya :)

Anette og Linn

Smil frå meg

søndag 18. januar 2009

Fire x Fem

Fire x Fem = 20

 

Fått denne artige utfordringa av Tove i Tankar frå ein kvardag, og tek den sjølvsagt eg veit du......

 

4 Favorittprogram på TV:

image

Bilete er henta frå : www.kingdomi.com

  • 70`show
  • Criminal Minds
  • Mord og mysterier
  • Der ingen skulle tru.....

4 Ting eg gjorde i går:

061

  • Drakk altfor mykje kaffi.....
  • Sto i kø på Apoteket...... har endå ikkje funne ut kva tid det er lite folk der
  • Var på Dimna der husbonden var på dugnad hos broren som bygger nytt hus,   eg derimot.....vel eg  heldt husfrua med selskap.
  • Hadde ein lang og god prat med Solstråla mi på Skype før eg kraup opp i kassa:0))

4 ting eg ser fram til:

110

  • at januar, februar, mars og april var over..... for i MAI drar eg til Dallas!!!!!!
  • at stova blir ferdig oppussa
  • at eg drar til øya vår og blir der ei veke for meg sjølv med pusen og strikkepinnane
  • at eg skal finne ein jobb eg vil trivast med

 

4 Favorittrestaurantar:

002

Her slit eg veit dokke........ Restaurant..... kva er det ....og KVAR er dei???  Må berre innrømme at på slike steder frekventerar eg SVÆRT sjeldan eller skal vi seie aldri. Blir berre ikkje. Men eg likar å lage god mat heime, og dekke fint på og gjerne ha gode venar  på besøk. Men var på ein fantastisk restaurant i Dallas ifjor, Cheese Cake Factory, sjølvsagt laga dei ostekaker der. men middagen var berre  ein DRAUM for auge og gane, og måtte berre be om Doggy-bag, for makan til porsjon har ikkje eg sett.

 image Bilete er henta frå: http://www.thecheesecakefactory.com/

4 ting på ønskelista mi:

014 (2)

  • 1. klasse billett til USA.... alfor dyrt men veit dokke kor trangt det er for beina? og der sitter du 14 timar.........
  • Vinterhage ferdig møblert
  • Hund :) Ein Maltepoo ... brun med blå auge
  • Digitalt speilrefleks kamera... Cannon

Nysgjerrig som eg er vil eg gjerne vite korleis ståda er på Haramsøya......SÅ Dokke tre S'ane der ute:

Siv, Solveig og Stine

Tek dokke utfordringa :0))

Ein gong eit staseleg hus.....

For nøyaktig 5 veker sidan var det brune staselege huset ferdig bygd, med takstein og vindauge med   ornament, og sølvkuler som pynt. Ut av pipa stakk raude og kvite sukkerstenger... flyborne frå "Uniten".  Byggemsterialet var kveitemjøl, smør, fløte, pepar, sirup.... ja.. dokke veit det ein vanlegvis nyttar i slike særegne hus, med vidauge av knuste kamferdrops.... gule og fine.......

men det kan ikkje vare evig veit du... kan aldri vare evig........

068

 

065

Nemda for byggjesaker i Leitelega 10  fann sviktande tak-konstruksjonar,

 og sidan levetida for slike ærverdige bygg er særs kort.........

og med fare for at sikkerheita ikkje var god nok,  måtte huset rivast.

 008

For å  innhenta fagfolk til oppgåva......tok vi kontakt med

Håkon, Sondre, Emilie og Øyvind.

Dette er folk med stor ekspertise på området :0)

"Byggerinna" sjølv var svært betenkt.........men

 

014 012 015 011

oppgåva vart løyst etter beste evne og alle forskriftener vart fulgt til punkt og prikke.......:0)

Ha ein sukkerfri Søndag

fredag 16. januar 2009

 

Blir du med på feiringa ?

image

 

Tove i Tankar frå ein kvardag har 1 års JUBILEUM  og jubileumstrekning .

Her er kva ho skriv på bloggen sin:

"No håper eg du vil vere med og feire jubileumet mitt! Bloggen min er ein kvardagsleg og enkel arena, der dei små augeblikka har stått i fokus. Som mange har fått med seg, er eg oppteken av å sjå det store i det små - å kunne glede seg over det enkle. Eg er overtydd om at vi alle får eit rikare liv om vi berre klarer å verte flinkare til å verdsette det enkle!

Alle som legg att kommentar på dette innlegget fram til midnatt 20. januar, vil vere med i trekninga av to flotte premiar! Både bloggarar, blogglause og anonyme kan vere med (dei anonyme må sjølvsagt legge at namnet sitt). "

Flotte premiar har ho også:0)

Ei rykande fersk bok med dikt og foto av Turid Skjelten frå Brattvåg

Ei bok skriven av Gunnhild Øyehaug som kjem frå Ørsta.

Gå inn på Bloggen hennar og sjå  :0)

Eg er med......... ER DU?

Klem Lill