torsdag 5. februar 2009

I går kortkveld ....idag gåsungar, lys rosa gerbera og utmerking frå Randi i Kvit Rose og Steinbokkjen :0)

 

Olivenbrød, lakrisbåtar, søte skumtoppar, brus, vatn, potetgull, kaffi......

KORTKVELD!!!!!

008 (6)

I går var det onsdag og Anne Grethe og Petter var her på vår tradisjonelle KORTKVELD,

Det er berre så artig og sosialt og vi storkosa oss :0)

Vi spelar ikkje berre kort men stappa inn litt anna også.....

Picnik collage29

Eg kjøpte ferdige runde olivenbrød på den lokal bakaren,

men her kan du lage vanleg gjærdeig (grov eller fin) med soltørka tomatar og oliven i.

Om du lagar flate runde brød eller har det i ei langpanne spiller ingen rolle.

HUGS å forsteik brødet ferdig fyrst:0)

Smør på Grøn Pesto

Ha på litt meir soltørka tomat i olje og Oliven

Legg på skinke, pepperoni eller spekeskinke...

I går brukte eg Serano skinke.

Dryss over ost.

La det stå i omnen på ca. 175 grader til osten er smelta.

Mmmmmm anbefalast på det sterkaste :0)

Picnik collage30

Når maten er vel tygd, leitar vi fram korta, snopet og kaffien......

Ikkje heilt sunt men du store alpakka SO GODT!!!

Picnik collage31

Vi fører nøye rekneskap over spelinga, og igår kom Fam. Sandnes med heilt ny

speleblokk med personleg preg designa på PC'n i Lerkevegen.

Bilete på framsida er henta frå ei herleg helg inne på Aurstad i sommar, ei perle inne i Austefjorden.

Tusen takk for i går kjære venna og for den flotte speleblokka :0)

Picnik collage32

Idag fall eg pladask for nokre gåsungar i ein lokal blomsterbutikk......

minna meg slik om våren......

Satt dei saman med nokre lyse rosa gerbera og no står dei så flott å pynter opp i stova.

image

Så til slutt ei utmerking som eg har fått av Randi i bloggen Kvit Rose

Tusen tusen takk kjære venn og GRATTIS med din fyrste Utmerking

Jippi :0))

image

Og så ei utmerking frå Steinbokkjen,

Tusen tusen takk :0)

Desse vil eg dele med alle som er innom og helsar på :0))

Nyt resten av torsdagen alle bloggvenna

Smil frå meg :0)