-
En liten tur rundt i hagen i dag tidleg forteller dei harde fakta; Haust... og snart vinter. Dei fleste plantar har inntatt dvalemodus for vinteren, og viser sine flottaste fargar:) medan andre faktisk akkurat blomstrar og snøen kryper lenger og lenger nedover fjellsida. Eit vakkert skue, men vi har defenitivt tapt kampen for årstida. Tida er komen til kosleg innarbeid og tente lys medan det knitrar i peisen og katten vår Mimzy ligg sløvt på sofaen. Har gåande eit strikkeprosjekt fortida, og fyrste forsendelse har allereide komen fram til Dallas, Texas. Silje har mange gode venninner som har ei fantastisk inkluderande holdning, blide og hjelpsame:) Strikkar skjerf og luer til lagkameratane til Silje, dei treng det i korte periodar i desember og januar:) Kan vere kjekt med noko handlaga. Fant et nytt garn som heiter Viking Balder, tjukt og fleirfarga men finnast også i einsfarga. NYT SØNDAGEN :)
søndag 5. oktober 2008
Hausten har for godt inntatt hagen og handarbeidet er klart.
Abonner på:
Innlegg (Atom)