tirsdag 30. september 2008

Stearinlystid






No som morgonane er mørke, tennes det mange lys her i heimen vår. Nytrakta kaffi, tente lys og ei kosestund med katten vår Mimzy er ein mjuk og flott start på dagen. Strikketøyet kjem også som oftast fram:) Alltid nokon som treng eitkvart. No Har eg hatt masseproduksjon av skjerf og luer i ulike fasongar som er sendt/skal sendast til lagvenninnene til Silje i Dallas, Texas. Kan vere kaldt der også, spesielt i januar og februar, men ikkje meir enn kanskje minus 1 -2 grader i korte periodar. Foreløpig har dei sommar og temperaturen er oppe i 30 grader midt på dag:) Herleg!!!

GIN RUMMY



Onsdagane er heillage her i huset. Då spelar vi GIN RUMMY saman med våre gode venner Anne Grethe og Petter. God mat eller kake, kaffi og litt snacks. Eg er ikkje den som vinner mest ( tapar vel heller tenkjer eg ), men det er ikkje det som er viktig, men å ha godt og kosleg lag. Ser fram til kvar einaste onsdag, og vi har ikkje skippa ein einaste! Når vi er her i heimen brukar vi sjølvsagt kort kjøpt på Southern Methodist University (SMU). I morgon er vi klare igjen. Jippi!!

mandag 29. september 2008

Min fyrste AWARD :)



Frå mi gode og kjære vennine Anne Grethe fekk eg min fyrste AWARD. Tusen tusen takk :) Det er så koselig å få, og eg som er heilt ny i denne bloggverda:) Skal prøve å sende den vidare til 5 stykker:)

søndag 28. september 2008

Melisdryss og Bibelutdeling




Etter en regnfull laurdag dukke et nytt syn opp på verfronten. Et tynt melisdryss med snø lå over dei høgste toppane idag tidleg. Det går defenetivt mot vinter. Var invitert til kyrkje idag for å oververe fadderbarnet vårt, Sondre (i raud gensar), få sin bibel. Han har blitt ein stor og kjekk kar, 5. klassing med glimt i auge:) Ei fin gudsteneste med eit ungdomleg preg.Etterpå bar det ned i kyrkjekjellaren og kaffi, saft og bollar.


No putrar fårikålgryta på omnen og vi gleder oss til eit herremåltid. Seinare blir det å sjå fotballkamp på TV, Ålesund-Rosenborg, la oss berre håpe.....
Nyt søndagen

lørdag 27. september 2008

Hauststorm i emning



Årets fyrste hauststorm er i emning, og tre og blomer bøyer seg ærbødig for vind og regn. Kaffikos, tente lys og eit strikketøy er balsam for sjela når vinden ular utanfor stoveglaset.

HAUST
Med stødig fargeglans tar hasten aldri feil.
men gir oss ein varmande kunstoppleving av dimensjonar.

fredag 26. september 2008

Oppussing




Vi har endeleg fått pussa opp soverommet vårt. Vi måla furupanelen lys og tapeserte ein vegg med mønstra lilla tapet. Mangla framleis nattbord, men dei kjem over helga. Blir "flytehyller" i svart, ingen ting å flytte på når ein vaskar då:)
Vi blei kjempefornøyde. No kan døra trygt stå ope.


Ethvert hus der kjærlighet bor og vennskap er en gjest, er et virkelig hjem for der kan hjertet hvile


Fristelser

Idag fall eg for fristelsen og kjøpte roser. Skiltet lyste mot meg utanfor Floriss; " Som vist på TV2 - 30 roser for kun 149kr". Oppdaga at det i buketten var 27 roser, ikkje 30 - men men hadde sett rart ut å stå der i butikken å telle.... men alltid koseleg med 27 av 30 blomster
på bordet i helga då:)

Ein vakker blomst
med himmelsk duft
kan rense både sinn og luft.
- Og får den vann
og kjærleg stell,
blir takken ganske spesiell...

torsdag 25. september 2008

Silje kåra til vekas utøvar i Conference USA


Tysdag vart Silje kåra til vekas utøvar i C-USA etter løpet ho hadde 19. september. C-USA er 12 universitet i 8 statar som konkurrerar mot kvarandre både i terrengløp og på bane. Nesta løp for Silje blir 3. oktober i South Bend, Indiana. Då vil Silje sin trenar Magne Wullum også vere på plass. Han blir saman med Silje i litt over ei veke

Nytt år og nye utfordringer for Silje


Då har Silje vore i Dallas i fem veker og er i gong med nye utfordringar både på universitetet og med løpinga i sitt andre år på Southern Methodist University. Silje deltok i sitt fyrste terrengløp for sesongen 19. september. Løpet gjekk over 5 km sør i Texas, nærare bestemt i byen College Station. Silje vann med 40 sekunders margin til nr. 2.