onsdag 22. oktober 2008

Tusen takk for den SØTASTE award nokon sinne :)

imageBerre sjå............ den søtaste award eg har sett OG DEN ER MIIIIIIN, tenk det dokke.........

Fekk den med ANNE GRETHE sidan ho har hatt trøbbel med HTML kodane sine ....:)) og eg ikkje kunne hjelpe :) Ja, hørte riktig - men har prøvd då, utan særleg hell.

Men i kveld skal vi opp til The World of Sandnes og spele kort slik vi brukar kvar einaste onsdag:) Jippi.

 

Silje kåra til vekas utøvar i C-USA

 

Silje Japan I går kveld vart Silje kåra til vekas utøvar i noko som kallast for Conference USA. Det vil seie at ho var beste terrengløpar blant 8 universitet i 12 statar i beste divisjon.  Det er ei presisjefylt utmerking å få, både for Silje men også for universitetet ho løper for. Det er andre gong Silje får denne utmerkinga i løpet av fire veker.  Skulle så gjerne ha vore der..... men no har  vi fått endra heimreisa til Silje så ho kjem 5 dagar før. 10. desember kjem jenta mi heim, og då får ho 5 veker i Ørsta før turen går tilbake til Dallas. Gjett om eg gleder meg...... pynte til jul saman og bake:) Skal bli KOS.

Men før det kjem hovudtrenaren for laget til Silje, Dave Wollman,  på besøk hit til oss :) Så no er berre å slipe engelsken og la det stå til........ Have a nice day and take care :))