onsdag 4. mars 2009

Skattar etter Farfar....

 

001 020

Eg hugsar ikkje farfar så veldig godt, han gjekk bort når eg var lita jente....

Men det er to ting som har brent seg inn på netthinna mi

Fela og Lommeuret.............

To ting som er noko av det mest dyrebare eg eig frå borndomen min.

Farfars lommeur og fela......

Hugsa han spela til meg når eg var lita.....

var så spennande når han leita fram felekassa......

002

opna lokket og stemte fela før han drog bogen over strengane..........

Han var ein god musikar,

og i sine yngre dagar spela han saman med eit syskjenborn opp til dans,

eller berre reiste rundt og underheldt .

003 004 

Sist fela var i bruk var i 1966  

..................lenge sida....................

Då feira pappa 50 års dag og han tok fram fela og stemte i veg på Fanitullen..........

Om det var musikkstykkje eller noko anna som gjorde det................i

ikkje veit eg

men to strengar og bogen rauk...................

og slik har den vore sida..............

trygt forvart i den svarte, slitte felekassa som ber preg av tidas tann............ med avrevne hestetagl på bogen.......

008 017

Tikk takk, tikk takk..............

021

Var så spennande å krype opp på farfar sitt fang og høyre .........

Klokka er inntakt, og går som ei klokke skal.............

022 023

Det kjekkaste var når eg fekk halde klokka sjølv og farfar hadde opna lokket...........

den var så fin og skein der ho låg i ei lita barnehand.....

Gode minner som eg verdset høgt.

image

Smil frå Lill