mandag 23. mars 2009

Nytun..... vår andre heim :0)

image

Øvst oppe og litt til høgre ser du Nytun avmerrka på kartet,

og det er hit eg SNART skal dra.....

PÅSKE..... og eg kjenner eg verkeleg eg ser fram mot mange koselege dagar her ute i havgapet.

Her har vi gode vennar og familie som alltid stiller opp og lyser opp kvardagen.

Og som har TID.....

Eg har sagt det før.......

Her ute går LIVET litt saktare :0)

Og det er ikkje berre ei øy..... for her ute ligg mykje historie framleis urørt.

Fjørtofta, eller Fiartopth som er det gammalnorske namnet på øya, tyder "tufter langs fjøra".

Fjørtofta er den nordlegaste øya, ikkje berre i Haram, men på Sunnmøre.

Den er og den minste og flataste av Nordøyane med Æafjellet, 112 m.o.h., som høgste punkt.

Fjørtofta er nasjonalt og internasjonalt kjent for svært spanande berggrunn og landskapshistorie.

Utgravingar og forfunn kan dokumentere busetjing trulig i omlag 8000 år attende.

image image

Smykkesettet og trespenna vart funne i ei kvinnegrav her ute på øya.

image

Fjørtoftneset

Her kan du ta deg ein eineståande tur til fyret som ligg heilt ute mot storhavet,

og nyte ein spektakulær solnedgong på fine dagar

Nikon D 80, August 2008. 4. 4 005

Store deler av Fjørtoftneset er naturreservat.

For 6000-7000 år sidan stakk det berre ein ringatoll opp av sjøen her,

noko du kan sjå merke av etter i terrenget innanfor fyret.

Her ligg ein stor ringforma voll av rullesteinar.

Fem gravrøyser ligg i nordenden av området.

Fjørtofta har fleire badestrender med kvit herleg sand......

268 

Har du sykkel er det inga problem med øyhopping på Nordøyane,

og Fjørtofta er sjølvsagt eit naturleg val.

Kjem du sa du? Berre gi beskjed....

Så set eg over kaffien :0)

Er det noko rart at eg STORTRIVAST her ute i havgapet.....

149

og når krabbekrabbeteinene er fulle med delikatessar frå storhavet..........

har eg funne det GODE LIV !

Eldar 2005 051

Slik e` øya vår

393


"Ser du havet blånar der ute,
pustar dovent når det stryk seg mot land.
Som ei dyne, brukar stranda til pute
og gjer seg mjuk mot ei himmelrand."


Ny Nikon D 80, Juli 2008. 8. 1 026
Tekst: Lasse Larsson Fjørtoft

Og på Nytun skal eg nyte nettopp det..... det gode liv

104-0458_IMG

Der alle rom har ulik farge og stemning......

her er ingen nymotens interiørstasj......

og godt er det.......

Kitchen - summerhouse Dinningroom - summerhouse (2)

Livingroom in our summerhouse 

Trappa opp til annen etage knirkar.... og slik skal det vere i gamle hus.

Ein gong budde det to familiar her..... 4 born,  mor og far oppe,

og det same nede.... så her var aldri stilt.

Men før det... i mai 1933 starta Toralf Fjørtoft å bygge Nytun,

og i oktober flytta dei inn. Det fyrste huset på den sida av øya var reist.

Ingen veg var her den gongen, alt er gjort med handemakt.

Så det er med ei viss andakt eg låser opp døra kvar gong vi kjem,

her ligg mykje historie i veggane.

Nytun er barndomsheimen til vår kjære nabo Turid, som er gift med Kårmund,

101-0112_IMG 

og vi har mange koselege stunder ilag :0)

See You soon

Snart "Påske_smil" frå Lill