onsdag 29. oktober 2008

Fenomenet  Halloween.............

Halloween

Vi nærmar oss 31. oktober og butikkane er fulle av kostymar, lykter, skremande masker og anna tilbehør. Halloween-feiringa er ei ganske ny "hending" her heime, og "KNASK ELLER KNEP" ........ "TRICK OR TREAT"

kjem til å høyrast når vi opnar døra. Har vi litt snop i bakhand..... eller vel vi å stå over...... Likar vi dette "nye" fenoment ... eller ikkje..............   Det er opptil kvar og ein.

 

 

 

 

 2007-10-31 - halloween Forløparen for Halloween er opprinneleg ein eldgamal, hedensk skikk. Den keltiske festivalen Samhain i England og Irland blei feira 31. oktober, som var nyttår i både keltisk og angelsaksisk tradisjon. Det var rekna som ein farleg natt, og då brann ein store bål på bakketoppane for å skremme bort dei onde åndane. Denne dagen kom gjeterane tilbake frå beite, og lovar og eigedomsfeste blei fornya.
Dei dødes sjel skulle kome å besøke sine tidlegare heimar på denne dagen, og ein starta å bruke nifse symbolar – spøkelsar, heksar, svarte kattar og alle slags demonar. Folk kledde seg slik dei trudde overnaturlege vesnar såg ut, for å lure dei bort. Det vigtigaste var å  blidgjere dei overnaturlege kreftane som styra naturen.  Denne kvelden var den beste  for å spå om ekteskap, lykke, helse og død.

Også i Norge var det knytt forestillingar om overnaturlege hendingar natt til 1. november. Dersom ein hugsa draumane ein hadde hatt denne natta, ville dei bli sanne............ 

 

image

Halloween er også kvelden før Allehelgensdag 1. november, og  dagen har tradisjonar her heime. Den blei kalla helgemesse eller aldermesse og var merka av på primstaven som minnedag for helgenar som ikkje hadde fått sin eigen dag. Den feirast på ulike datoar: I den romersk-katolske kyrkja blir dagen vanlegvis feirea 1. november, og datoen blei fastsett av pave Gregor IV på 800-talet. Tidlegare blei allehelgensdag feira 13. mai, og i den gresk-ortodokse kyrkja feirar dei dagen fyrste søndag etter pinse.
I Norge, både i statskyrkja og i Den katolske kyrkja, er allehelgensdag lagt til fyrste søndagen i november som ein festdag til minne om dei døde – for den katolske kyrkja til minne om helgenar og martyrar.

Ein  skikk som fortsatt praktiserast i Norge, er å stelle gravene til sine kjære, legge på krans og sette ut lys denne dagen.

vinternattAllehelgensdag har vore ein merkedag også når det gjeld veret. Monge stadar blei dagen rekna som fyrste vinterdag. Det var også ein dag som ga varslar for den komande jakta. Dersom jakta gjekk bra 1. november ville det bli eit godt jaktår. Dersom det regna ville det regne i 7 veker framover. Nokre stadar heitte det at dersom sola skein så lenge at du rakk å sale hesten, ville veret bli fint i det komande året. Til allehelgensdag skulle vinterbrødet vere baka, og det var no du slakte sau.

Om du vel å tru på draumane du hadde om natta - eller har skåla full av snop  klar ved inngongsdøra......eller kanskje Ja takk, begge delar..... ynskjer eg deg  EIN FLOTT DAG :))