For mange år sidan arva eg nokre gamle lysestaker i sølvplett etter mammaen min som igjen fekk dei frå sin mamma ... min kjære mormor. Dei er eit kjært og godt minne som eg tenner lys i og har framme til ein kvar tid. Har tenkt på om eg skulle forsølve dei igjen, men fann vel ut at særprege kanskje vil forsvinne. Dei er tært av tidas tann og flittig bruk heilt sida mormor fekk dei rundt 1910. .......Og saman med mormors to gamle kaffiservicer fra same tidsperiode, er minnane på plass når eg dekker kaffibordet.
Det var av desse koppane eg drakk min fyrste kaffi:) halvt med kremfløte og halvt med kaffi pluss to sukkerbiter. Mormor dekka fint på i stove i leilegheita på Vålerenga, og ho hadde alltid kaker og litt snop attåt:) mamma, pappa og eg budde berre ti meter bort i gata så vegen var kort:) ....... Og der kunne vi sitte, mormor, mamma og eg og berre nyte stillheita eller prate om løst og fast. Det var det gode liv .........og det var sånn mormor og mamma likte det.........