mandag 3. november 2008

Silje..... vi er så utruleg stolt av deg!

silje the chapion

 Laurdag var Silje i Memphis, Tennesee. Her gjekk Conference USA meisterskapen, og The Mustangs var på plass for å springe 5 km terrengløp. Vi var på Fjørtofta, UTAN INTERNETT og  spenninga var stor i heimen:) ......... såg på klokka, rekna meg bakover 7 timar og gjekk att og fram på stovegolvet når eg viste løpet starta. Er berre heil fælt å ikkje få vere der ilag med jenta mi! Minuttane gjekk og eg trava rundt. Ringer ho ikkje snart? Korleis gjekk det? Har det skjedd noko? Mange tankar svirra rundt....... prøvde å strikke...... utan HELL!  Då høyrar eg ringetonene" Jag trodde englane fans bara bara i himmelen"...... det er den som spelar når Silje ringer.  Hallo jenta mi, korleis gjekk det?   Då høyrer eg frå den andre sida av Atlanteren; "EG VANN MAMMA, EG VANN!!" Då berre rann tårane og hjartet svulma og eg trur nesten eg lyste opp halve øya av stoltheit!  Tenk! jenta mi vann med over 17 sekund til nr 2, og  til og med på ny meisterskapsrekord!  Er det noko rart at mammahjartet nesten hoppa ut av kroppen:)) for eg veit kor mykje trening det ligg bak , og kor mykje det betyr for ho å få betalt for alt strevet .Eg får knapt sagt gratulerer før Silje fortsetter "Mamma, mamma, høyr mamma,  vi vann lagkampen også, og trenar Cathy Casey vart kåra til årets trenar" Det ville ingen ende ta:) Universitetet til Silje gjorde reint bord, og dette var jenta mi med på å bidra til. FANTASTISK! 

Då var tida komen til å ringe rundt til slektningar og vener med gladnyheita:) Trenaren til Silje, Magne Wullum på Tingvoll sto å parterte hjort då eg ringte. Det er han og Silje som har   ALL   ÆRE   for  framgongen på idrettsbana. Den kunskapsrike og supre trenaren med omtanke for eleven sin, måtte berre legge frå seg kniven og sette seg ned. Han vart så rørt og glad, for dette er ein fantastisk prestasjon. "Silje har markert seg i USA tidlegare ho, men dette overgår alt ... sjø.." kjem det gjennom telefonen frå Tingvoll:)).

Champions Her er The Mustangs, frå venstre;

Ilyssa, Monika, Jessa, SILJE med trofèet, Rachel, Sierra, Clair, Samantha og trenar Cathy Casey. Ein fantastisk bukett med jenter som skinner om kapp med sola.

 

Er så utruleg stolt av deg jenta mi, du er  sola og lyset i livet mitt. Kjempeglad i deg:))

Stand up for the Champions :))

Gullklumpen er 1 år!

Iver August bursdag 1 år Denne sjarmerande prinsen er vi så heldige å vere faddrar til. Han er berre herleg, blid og glad. I går var han 1 år! og tida har berre rast så altfor fort:) Hugsar vèl den dagen han var fødd, då var eg og Ragnar akkurat komen fram til Silje i Dallas, Texas. då Mammaen din ringte frå sjukehuset, den etterlengta guten var KOMEN. Det er så kjekt å få lære deg å kjenne Iver August, og følge utviklinga di framover. Du er ei solstråle som lyser opp kvar gong ho "tante" Lill kjem, og vi er så uendeleg glad ideg.

I går var vi selskap og feira deg med mykje god mat og mange kaker. Mamma Anne Grethe og Pappa Petter hadde trylla fram den nydlegaste Lasagnen og dei flottaste kaker ein kan tenkje seg, og slekt og venner hadde koseleg lag saman med deg på dagen din:)

Om berre 3 veker skal mamma tilbake i jobb, og du til dagmamma:) Det kjem til å bli ein stor overgong for dokke alle, men det kjem til å bli kjekt også Iver August:) Ser deg snart:) Stor klem frå "tante" Lill og "onkel" Ragnar.