Tenkte eg skulle dele ei god oppskrift med dokke :0))
  Den har ikkje berre blitt ein favoritt her i heimen,
  men også blant Siljes venninner og trenarar i USA.
    TACOPAI
   
  
 
  Paideig
  4 dl. Kveitemjøl
  ½ ts salt
  2 ts bakepulver
  50 g smør
  ca 1,2 dl melk
  Bland mjøl, salt og bakepulver.
  Smuldre smøret godt i mjølblandinga og ha i mjølka.
  Klapp paideigen ut i ei paiform og "prikle" med ein gaffel.
  Forsteik i 5 min på ca. 200-225 grader midt i omnen.
   
 
    Fyll 1
  500 g kjøttdeig
  1-2 løk ( dersom du ynskjer )
  1 pose taco krydder
   
  
  
 
  Steik kjøttdeig og tilset Tacos kryddermix og vatn
   (følg oppskrift på kryddermixpakka)
  
  Ha blandinga i den forsteikte paien.
  Fyll 2
  4 hakka tomatar
  1 gul + 1 raud paprika
  4 ss majones
  2 dl creme fraiche
  Kvit peppar
  LITT Cayennepeppar
  2 dl revet ost på toppen
    
  
 
  Bland majones, Creme Fraiche, pepar og cayennepepar.
  Del opp tomatar og paprika og rør det inn i blandinga.
  Legg dette over kjøttdeigen med ost på toppen.
   
  
 
  Steikast midt i omnen på 200-225 grader i 15 - 20 min.
  Server ein god salat til.
   
 
  Håper det smakar :0))