tirsdag 30. september 2008
Stearinlystid
No som morgonane er mørke, tennes det mange lys her i heimen vår. Nytrakta kaffi, tente lys og ei kosestund med katten vår Mimzy er ein mjuk og flott start på dagen. Strikketøyet kjem også som oftast fram:) Alltid nokon som treng eitkvart. No Har eg hatt masseproduksjon av skjerf og luer i ulike fasongar som er sendt/skal sendast til lagvenninnene til Silje i Dallas, Texas. Kan vere kaldt der også, spesielt i januar og februar, men ikkje meir enn kanskje minus 1 -2 grader i korte periodar. Foreløpig har dei sommar og temperaturen er oppe i 30 grader midt på dag:) Herleg!!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar